Den gylne hjelm til Gol

Publisert 17.09.2018

Den første heildigitale byggjeplassen i Noreg er tildelt Statsbyggs gjeve tryggleikspris. 

Gol sambruksstasjon og døgnkvileplass har allereie fått mykje merksemd for å teste ut nye digitale løysingar i praksis. No får det første heildigitaliserte prosjektet i Statsbygg Den gylne hjelm òg for arbeidet som er gjort innanfor sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.

– Det er svært gledeleg å få denne prisen! Vi har heile tida hatt mykje engasjement for tryggleik og stor forståing av kva farar som kan finnast på byggjeplassen, seier prosjektleiar Bjarni Einarsson i Statsbygg.

I grunngivinga frå juryen blir det lagt vekt på nettopp dette med digitale løysingar:
«Alle aktørene har vært engasjert i arbeidet med sikkerhet, helse og arbeidsmiljø gjennom alle faser. Prosjektleder har tilrettelagt for innovasjon, og det er tatt i bruk i ny teknologi.»

Mellom anna har prosjektet brukt eit tryggleiksdataspel. Ei digital oppslagstavle har gjort informasjonsflyten betre og enklare. Ein borerobot, som sparer arbeidarane for tungt og krevjande arbeid, har òg vore eit helsefremjande tiltak.

– Alt dette har bidrege til ein endå tryggare byggjeplass, seier Einarsson.

Viktig mål

Den gylne hjelm er ein pris Statsbygg deler ut til eigne prosjekt som fokuserer på tryggleik, helse og arbeidsmiljø på byggjeplassen. Som ein av dei leiande byggherrane i Noreg arbeider Statsbygg aktivt mot målet om at alle skal komme uskadde heim frå jobb.

Prosjektleiar Einarsson gler seg òg over at lokale entreprenørar som Mest Bygg AS kan arbeide målretta og bruke teknologi aktivt for å sikre ein trygg og god arbeidsplass.

– Alle ledd har bidrege aktivt. Null skadar og svært høg rapportering frå alle aktørar viser at digitaliseringa fungerer veldig bra, seier han.

Gol sambruksstasjon og døgnkvileplass er ein del av Digibygg-satsinga til Statsbygg, som handlar om å utnytte den digitale og teknologiske utviklinga på ein betre måte. Læringa frå dette prosjektet vil vere med på å forme framtidige prosjekt med tanke på korleis prosjekt blir planlagde, gjennomførte og drifta.

×