Dialogkonferanse

Publisert 18.01.2018

Statsbygg og Bergen kommune utfordrar etablerte strukturar i byggjenæringa og ser på moglegheiter for å ta i bruk nye metodar for å oppnå betre bygg gjennom betre prosessar. Digitalisering er ein viktig premiss i dette biletet.

Tenk deg ei ideell verd der alt er akkurat som du kunne ønskt deg, og der alt er mogleg – der det er lov å tenkje annleis og nytt, der alle verktøy er tilgjengelege, og alt heng saman.

Både etablerte og heilt andre, nye aktørar og studentar set seg saman torsdag 18.01. for å skape ei framtidsretta løysing for næringa.

Det har vore stor interesse for dialogkonferansen, men på grunn av plassmangel har vi sett ei grense på 150 deltakarar. Deltakarane er mellom anna IT-selskap, studentar, gründerar, entreprenørar, rådgivarar og konsulentar.

Formålet med dagen er å få inn ulike leverandørar sine perspektiv, prøve å kople nye konstellasjonar og danne grunnlag for innovasjonsanskaffingar i etterkant.

Statssekretær Paul Chaffey vil opne konferansen. Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med Bygg 21, Design Region Bergen og Innovasjon Noreg.

Kontakt

Anett Andreassen
Fung. digitaliseringsdirektør
Mob. 47350015
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
Les mer om konferansen
×