Digitale kontraktskrav

Publisert 15.08.2018

Statsbygg innfører krav om at all prosjektering skal skje i bygningsinformasjonsmodellar (BIM), og at byggjeplassane skal vere papirlause.

– Statsbygg ønsker å endre byggjebransjen gjennom auka digitalisering av heile livsløpet for eit bygg, frå planlegging og prosjektering, i byggefase og fram til avhending, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg. – Når vi no gjer det til eit kontraktskrav at all prosjektering skal skje i bygningsinformasjonsmodellen, og at byggjeplassane skal vere papirlause, tek Statsbygg eit steg vidare mot bruk av digitale verktøy i byggjebransjen, legg han til.

BIM-modellen skal vere «master»

Bruk av digitale bygningsinformasjonsmodellar (BIM) er ikkje nytt, men Statsbygg har erfart at bruken av desse varierer avhengig av krava frå kunden og preferansar hos leverandørar. Dette har resultert i at BIM-modellen har fått status som ein «sideleveranse» i prosjekteringa, mens sjølve prosjekteringa blir gjennomført med tradisjonelle verktøy. Dette vil Statsbygg snu gjennom å kontraktfeste at BIM-modellen skal vere «master», og at all informasjon skal genererast og hentast i BIM-modellen. Papirteikningar vil bli erstatta av digitale modellar, men fram til det blir gjennomført i praksis, skal desse hentast ut frå BIM-modellen og ikkje gjennom eigne teikningsleveransar.

BIM i driftsperioden òg

Krav om BIM skal gjere det enklare å drifte den ferdige bygningen ved at BIM-modellen blir levert til driftsavdelingane som ei oppdatering i Statsbyggs sentrale digitale driftssystem. Dette vil forenkle teknisk drift, fordi det alltid vil vere oppdaterte teikningar og dokumentasjon tilgjengeleg gjennom digitale einingar hos driftspersonell, med oppdatering av endringar og serviceaktivitetar i sanntid.

– Statsbygg ønsker å ta ei aktiv rolle i digitalisering og effektivisering av byggjebransjen. Krava er derfor ein del av digitaliseringsstrategien vår, seier Nikolaisen.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×