Elbilane blir ein del av straumnettet

Publisert 30.01.2018

På Campus Evenstad i Hedmark testar Statsbygg ei rekkje teknologiske løysingar som er nye i norsk samanheng. Konseptet Vehicle-to-Grid (V2G) gjer elbilane til ein aktiv del av straumsystemet og har eit stort potensial i Noreg. 

Allereie i dag kan solceller vere lønnsame for forbrukarane, og stadig fleire bygningar produserer energi til eige bruk. I tillegg blir det utvikla smarte løysingar for styring av energi- og effektforbruk i bygningar og område og i lading av elbilar. Ei slik løysing er konseptet Vehicle-to-Grid (V2G) som betyr at batteria i elbilar kan levere straum tilbake til straumnettet. NVE har rekna ut at den samla batterikapasiteten for den norske elbilparken kan utgjere ein betydeleg effektreserve i det norske kraftnettet i framtida.

– Vi ser at smarte bygg og intelligente forbrukarar blir meir aktive aktørar i kraftsystemet og kan bidra både med produksjon og effektstyring. Vi vil finne løysingar der bygningar og nabolag bidreg positivt til kraftsystemet, og samtidig gir nye moglegheiter for bygg- og eigedomsaktørar, seier administrerande direktør i Statsbygg Harald V. Nikolaisen. – Derfor samarbeider vi med forskarar i Forskningssenteret for miljøvennlig energi for nullutslipps nabolag (FME ZEN).

Klimalaboratorium på Campus Evenstad

Energisystemet på Campus Evenstad består av ulike straumkjelder (solceller, flisbasert kraft- og varmeanlegg, nett), varmekjelder (kraft- og varmeanlegg, solfangarar, biokjel, elkjel), termisk og elektrisk energilager. Energi blir brukt ulikt i bygningar med ulike bruksprofilar og til transport. Statsbygg har i desse dagar skaffa seg ein batteribank som er knytt til styringssystem. Batterisystemet skal dekkje behovet for reservekraft ved straumbrot, brukast til lagring av lokalt produsert straum, redusere effekttoppar og bidra til forsyninga på tider av døgnet det ikkje blir produsert solstraum.

No ønsker Statsbygg å inkludere V2G i energisystemet på Campus Evenstad. I framtida vil elbilar ha ein «to-vegs ombordladar» for å kunne levere straum tilbake til straumnettet, noko som blir omtala som Vehicle-to-Grid (V2G) eller som Vehicle-to-Home (V2H) i private heimar.

– Det er stor interesse for V2G i Noreg, men teknologien er foreløpig ikkje demonstrert her til lands. Det er derfor viktig at aktørar som Statsbygg går føre og testar nye og innovative løysingar, seier ZEN-forskar Åse Lekang Sørensen frå SINTEF.

Kontakt

×