Kontorløysingane for framtida blir laga no

Publisert 26.04.2018

Det kan ikkje konkluderast med at opne løysingar berre skaper problem. Om éi open løysing ikkje fungerer, er det likevel ikkje slik at alle opne løysingar er dårlege, skriv administrerande direktør Harald Nikolaisen.

Ei av dei viktigaste oppgåvene Statsbygg har, er å gi råd når staten har behov for nye areal, anten verksemda skal leige i marknaden eller byggje nytt. Ei rekkje vurderingar og utgreiingar blir gjorde i tett samarbeid med brukarane av dei nye lokala.

Behova verksemda kjem til å ha i framtida, speler ei viktig rolle. Skal universitetet ta imot mange fleire studentar? Skal høgskolen leggje vekt på større samhandling mellom avdelingane? Kva slags arbeidsmetodar vil verksemda bruke når bygget står ferdig? Kor fleksibelt skal bygget vere for å møte ei framtid vi ikkje heilt kjenner?

Mange spørsmål må svarast på før kundane vår bestemmer seg for kva som er den beste løysinga for dei. I dette arbeidet er det opplagt nyttig at verksemda trekkjer vekslar på kompetansen til og innspela frå medarbeidarane. Samtidig blir det stilt krav til leiinga som skal manøvrere verksemda inn i ein arbeidsplass for framtida.

Arealnorm gir moglegheiter

For alle statlege verksemder er det sett ei arealnorm på 23 kvadratmeter per hovud. Arealnorma er beskriven i instruksane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

23 kvadratmeter opnar for alle moglegheiter: cellekontor, opne løysingar, fellesrom, stillerom, møterom, multirom med meir – alt kunden treng for å gjere jobben best mogleg. Moderne aktivitetsbaserte arbeidsplassar har alle desse løysingane. Det gjer det mogleg å velje rom eller plass ut frå dagens oppgåver.

Arealnorma krev ikkje at vi må velje anten cellekontor eller open kontorløysing. Men det er smart å vurdere kva som er formålstenlege kontorløysingar for oppgåvene som skal løysast i framtida.

Kva som er formålstenleg, handlar om totalarealet, kva institusjonen kan betale, energiforbruk, klimafotavtrykk, arbeidsmetodar, kunnskapsdeling, bruk av teknologi og kva kunden ønsker at institusjonen skal få til når bygget er ferdig og framtida er her.

Dette er vurderingar leiinga og medarbeidarane må gjere saman med oss i Statsbygg.

Høgare arealnorm i Noreg

Kvifor 23 kvadratmeter? Arealnorma er basert på løysingar i EU-land, erfaringar og løysingar i privat sektor, forsking, Statsbyggs faglege vurderingar og erfaringar frå eigne bygg. Med andre ord er det eit variert kunnskapsgrunnlag. Arealnorma er sett høgare i Noreg enn i EU.

Det er ikkje nytt at det blir tenkt på arealeffektivitet, og det har lenge vore praktisert ulike former for opne kontorløysingar både i privat og offentleg sektor. I Statsbygg praktiserer vi no arealnorma, med ulike løysingar. Erfaringane våre er svært positive.
Vi ser kor viktig det er med teknologi som fungerer, nok møterom og stillesoner og enkle spelereglar for arbeidsområda. Vi ser òg at samhandling og kunnskapsdeling på tvers av faggrupper aukar, og dette stimulerer til nye og fruktbare arbeidsformer.

Mange variablar

Forskinga på dette området er på ingen måte eintydig, men viser at det er mange variablar som påverkar korleis ei open kontorløysing fungerer. God gjennomføring av eit kontorkonsept handlar om å forstå brukarane sine reelle behov slik at dei kan utføre arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. Vi veit òg at leiing, kultur og endringsvilje betyr mykje for korleis ei løysing fungerer.

Det kan ikkje konkluderast med at opne løysingar berre skaper problem. Om éi open løysing ikkje fungerer, er det likevel ikkje slik at alle opne løysingar er dårlege.
Når kunden vår vel å utvikle moderne aktivitetsbaserte arbeidsplassar, må løysingane støtte oppgåvene i verksemda og bidra til at medarbeidarane leverer sitt beste. Då skaper vi gode kontorløysingar for framtida.

Harald Nikolaisen

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×