Gunstig straumavtale

Publisert 06.02.2018

Kundane til Statsbygg sparte til saman 20 millionar kroner på straum i 2017. 

Statsbygg har, etter ønske frå fleire leigetakarar, forhandla fram avtale om innkjøp av elektrisk kraft. Noverande fellesavtale er med Kinect Energy Group som rådgivar og Ishavskraft AS som kraftleverandør.

Gratis teneste

Straumavtalen har i 2017 gitt ein spart sum på 5,89 øre/kWh ekskludert mva. samanlikna med spotmarknaden, som blir rekna som det mest gunstige alternativet når det gjeld pris. Totalt har Statsbygg spart staten for nær 20 millionar kroner i fjor.

Statsbygg tek ikkje noko påslag ved å forvalte avtalen, som blant anna inneber å gjennomføre anbodskonkurransar, ha møte med leverandørar, vere oppdatert på kraftmarknaden og å melde anlegg inn og ut av avtalen.

Stadig fleire sluttar seg til avtalen

Stadig fleire av leigetakarane våre har etter eige ønske knytt seg til avtalen for kjøp av straum. Per i dag gjeld avtalen eit årleg forbruk på om lag 270 GWh, som utgjer 75 % av elforbruket hos leigetakarane. Avtalen har ein årleg verdi på 100 millionar kroner.

All kraft som blir kjøpt inn gjennom avtalen, er med opphavsgaranti, altså dokumentert 100 % fornybar energi.

Kontakt

Mirjana M. Rødningen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 48066674
Send e-post
×