Magasin med makeover

Publisert 03.05.2018

Mindre, moderne og meir visuelt. Statsbyggs kundemagasin Åpent rom har fått nytt format og design. 

Forskjellane er tydelege når ein legg den nye utgåva av Åpent rom ved sida av den førre: Formatet er nettare, tittelen er tydelegare, og den kvite ramma rundt biletet på framsida gir eit luftigare og lettare uttrykk. Når du opnar det, er det meir bilete og mindre tekst. Papiret er ikkje lenger glansa, men grovt og ubehandla.

– Vi vil framleis fortelje gode historier frå den allsidige verksemda vår, men vi vil i større grad enn før gjere det med bilete. Vi vil òg vise fram spennande prosjekt som andre er ansvarlege for, seier ansvarleg redaktør og kommunikasjonsdirektør i Statsbygg Hege Njaa Aschim.

Det nye designet er tilpassa ein kvardag der kampen om merksemda er større enn nokon gong og lesarane i mindre grad enn før har tid til teksttunge artiklar.

– Veldig mykje av det vi og andre i vår bransje driv med, er veldig visuelt. Det kan det vere lettare å få fram med eitt bilete enn med tusen ord, seier Njaa Aschim.

Som ei meir tidlaus utgiving vil Åpent rom frå no av komme ut to gonger i året i staden for fire. Opplaget er på 8200 eksemplar.

– Når vi no i større grad enn før opnar opp for nye stemmer, gjeld ikkje det berre dei vi intervjuar. Vi vil òg invitere skribentar utanfrå inn i spaltene våre, seier Njaa Aschim.

I det nye av nummeret av Åpent rom kan du for eksempel lese om arkitekt Kristin Jarmund.

Du kan òg lese om bygginga av det nye Vikingtidsmuseet og utfordringane ved å flytte dei tre unike skipa, om byreparasjonen som skal gjennomførast i regjeringskvartalet, og om båtmotoren som bokstavleg tala set farge på Havforskingsinstituttet i Bergen.

Last ned og les

Abonnere?

Du kan abonnere og få bladet gratis i posten.

Send ein e-post til postmottak@statsbygg.no.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×