No kan alle varsle Statsbygg

Publisert 08.02.2018

Med ein ny advokat på laget legg Statsbygg no til rette for at også eksterne kan varsle om moglege kritikkverdige forhold i organisasjonen.

– Statsbygg oppfordrar no aktivt alle som arbeider for oss, til å varsle om kritikkverdige forhold på byggjeprosjekta våre, i forvaltninga av eigedommane våre eller i verksemda elles, seier økonomidirektør Marianne N. Fålun i Statsbygg. – Vi ser positivt på varsling fordi det gir moglegheit til å rette opp i forhold som bryt med lover, reglar og etiske retningslinjer.

Samtidig styrkjer Statsbygg varslingskomiteen sin med advokat Jan Fougner i advokatfirmaet Wiersholm, for å sikre at involverte blir varetekne på ein forsvarleg måte. Fougner har brei erfaring med arbeidsrett og varslingssaker.

I byggje- og eigedomsbransjen er det høg risiko for arbeidslivskriminalitet. Svart arbeid og sosial dumping florerer. I ein rapport frå i fjor anslår Samfunnsøkonomisk analyse at skatte- og avgiftsunndragingar som følgje av arbeidskriminalitet utgjorde 12 milliardar kroner i 2015. Kriminelle aktørar prøver å verke lovlydige, men finn nye metodar for å unndra seg arbeidsgivaransvaret. For Statsbygg er det ein føresetnad at tilsette og samarbeidspartnarar følgjer lover og reglar. Viss så ikkje skjer, er det viktig at involverte trygt kan varsle om dette.

– Vi ber alle involverte i eit byggjeprosjekt, i eit vedlikehaldsprosjekt eller i drift og forvaltning av eigedommane våre i inn- eller utland om å varsle om brot på lover og forskrifter, straffbare forhold som korrupsjon eller brot på arbeidsmiljølova, trakassering og diskriminering, svikt i tryggleiksrutinar eller fare for liv og helse, seier Fålun.

Kontrolltiltak ikkje nok

Statsbygg set inn stadig nye kontrolltiltak og krev stadig meir dokumentasjon frå leverandørane sine, men kriminelle element i bygg- og eigedomsnæringa finn nye måtar å lure seg unna på. Statsbygg kan ikkje sjølv drive etterforsking av kriminalitet, men samarbeider oftare tett med Skatteetaten og andre styresmakter for å avsløre useriøse aktørar. Mistenkelege forhold blir melde. Avsløringar frå andre og frå Statsbygg sjølv har vist at kriminelle firma har klart å lure til seg jobbar i prosjekta våre, sjølv i Eidsvollsbygningen. Eksempla viser at Statsbygg og andre seriøse aktørar er avhengige av eksterne varslarar for å avsløre ulovlege forhold.

 

Ny varslingskanal

Statsbygg har no etablert ein ny elektronisk varslingskanal som er tilgjengeleg via Statsbyggs interne portal og nettstaden statsbygg.no. Det blir oppfordra til å varsle med fullt namn, men det er lagt til rette for anonym varsling. Løysinga gjer det mogleg for Statsbygg å kommunisere med ein anonym varslar. Statsbygg forpliktar seg til å verne retten alle har til å varsle, og til å sjå til at varslaren ikkje blir utsett for bebreiding, gjengjelding, sanksjonar eller andre negative reaksjonar.

Det er viktig å understreke at varsling skal skje på ein forsvarleg måte. Det inneber mellom anna at det skal vere sakleg grunnlag for kritikk, og at varselet blir levert i god tru. Varsling om kritikkverdige forhold kan vere ei belastning både for den som varslar, den eller dei det blir varsla om, og for verksemda, kollegaer og arbeidsmiljøet.

Fakta

Varslingssaker blir behandla i Statsbyggs varslingskomité som består av

• Richard Nylén, avdelingsdirektør intern revisjon og tryggleik (leiar)
• Marianne Nordby Fålun, direktør økonomi og verksemdstyring
• Advokat Jan Fougner i advokatfirmaet Wiersholm
• Jan Ombudstvedt, HR-sjef

Kontakt

Marianne Nordby Fålun
Direktør
Mob. 95964627
Send e-post
Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×