Livsvitskapsbygget blir realisert

Publisert 25.01.2018

Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å byggje Noregs største universitetsbygg ved Universitetet i Oslo.

Statsbygg har fått oppdragsbrev frå Kunnskapsdepartementet om å byggje det 66 000 kvadratmeter store Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo (UiO). No startar Statsbygg, tilsette og studentar med å detaljplanleggje byggjeprosjektet. Livsvitskapsbygget er venta å bli ferdig hausten 2024 og skal huse om lag 1000 tilsette og 1600 studentar.

Økt internasjonal konkurransekraft

– Dette har vi sett fram til i mange år. Livsvitskapsbygget vil leggje til rette for verdsleiande, tverrfagleg forsking og eit unikt samspel mellom utdanning, forsking og innovasjon. Målet vårt er at dette skal bli motoren i kunnskapshovudstaden Oslo. Kunnskapen som blir utvikla, skal raskt takast i bruk gjennom nye produkt, selskap og pasientbehandling, seier rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo.

Plasseringa av bygget i Gaustadbekkdalen, sentralt i Oslo, legg til rette for eit strategisk samarbeid med universitetssjukehusa, Forskningsparken og næringslivet.

Framtidsretta løysingar

– Livsvitskapsbygget skal ikkje berre ha framtidsretta løysingar for forskings- og undervisningsareala. Vi er òg stolte av å bruke LEAN-metodikk i byggjeprosjektet. Det betyr at rekkjefølgja på arbeidsoppgåvene i byggjeprosessen er nøye planlagd og spesielt tilpassa, seier prosjektdirektør i Statsbygg Alexander Strand. – Vi skal leggje til rette for industriell produksjon og ønsker dialog med leverandørmarknaden i tida framover.

Berekraftig bygg

I tillegg til bruk av LEAN skal Livsvitskapsbygget sertifiserast som eit berekraftig bygg i klassen BREEAM Excellent. Det er den nest høgaste utmerkinga for kor klimavennleg eit bygg kan vere. Alle aktørane i byggjeprosjektet må tenkje berekraft – i alle ledd.

Kostnadsramma for Livsvitskapsbygget og brukarutstyr er på omlag 6,8 milliardar kroner. Stortinget har i statsbudsjettet for 2018 vedteke ei startløyving på 45 millionar kroner. I tillegg er det løyvd 5 millionar kroner til utgreiing av brukarutstyr.

Kontaktpersoner

Thale Berg Husby
Kommunikasjonsleder
Mob. 97022023
Send e-post
×