Pris for THA-arbeid

Publisert 02.02.2018

Gymnasbygget ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal vann pris for godt arbeid med tryggleik, helse og arbeidsmiljø, THA (sikkerhet, helse og arbeidsmiljø, SHA).

Den gylne hjelm er ein pris Statsbygg deler ut to gonger i året til byggjeprosjekt som utmerkjer seg med gode resultat og veldig godt THA-arbeid.

Prosjektet har utmerkt seg på fleire område:
• Det er konstruktivt samarbeid mellom byggherre og hovudbedrift.
• Inntakskontroll og oppfølging blir utført på ein god måte.
• Byggjeplassen er ryddig og velorganisert, og prosjektet har høg rapporteringsvilje.
• Utfordringar knytte til språk blir handterte på ein god måte.

God THA-kultur blir følgd opp dagleg

Prosjektleiar i Statsbygg Reidar Søbstad takkar Veidekke Entreprenør for godt samarbeid.

– Statsbygg følgjer opp THA-arbeidet tett, men vi er heilt avhengige av gode leverandørar for at vi saman skal kunne løfte bransjen innanfor THA-arbeid. Vi skal ikkje ha skadar på byggjeplassane våre, og alle skal komme uskadde heim, seier han.

Karianne Bergheim frå Høgskulen på Vestlandet overleverte blomar og gratulerte Svein E. Dale ved Veidekke Entreprenør AS distrikt Sogn og Fjordane med prisen. Ho presiserte at THA er eit viktig satsingsområde for høgskulen òg.

Veidekke Entreprenør var strålande fornøgd med å ha fått prisen som er ein inspirasjon til vidare arbeid med god THA-kultur.

Kontakt

Reidar Søbstad
Prosjektleder
Mob. 90922118
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×