Skriv ut med undersider

Slik kan det nye mediebygget i Volda bli

Publisert 12.09.2018

I snart 50 år har medieutdanninga ved Høgskulen i Volda vore leiande i Noreg. No har Statsbygg fått inn forslaga til korleis eit etterlengta, moderne nybygg kan sjå ut. 

Ved Høgskulen i Volda (HVO) blir både journalistar, animatørar, kommunikatørar, mediedesignarar og produsentar utdanna. Tidlegare i år lyste Statsbygg ut ein avgrensa konkurranse for eit nybygg for mediefaga. Her skal 500 studentar og 50 tilsette bli samla under eitt tak.

I konkurransen melde fire entreprenører med kvar sine rådgjevargrupper interesse. Alle blei vurderte til å vere kvalifiserte. Dei fire konkurransedeltakarane er i tilfeldig rekkjefølge: K Norang AS / PEAB, HS Bygg AS, HENT AS og Veidekke.

Konkurransedeltakarane har no levert inn løysingsforslaga sine. Dei kan du sjå her.

Blir avgjort i løpet av hausten

Ved Høgskulen i Volda har ein ønskt seg eit nybygg i meir enn ti år. Det nye bygget vil gjere det mogleg for dei ulike mediefaga å halde seg i forkant av utviklinga.

Statsbygg gjennomfører prosjektet på oppdrag frå HVO som totalentreprise med forslag til løysing. Den som vinn konkurransen, har enkelt forklart altså teikna nybygget og skal også stå for bygginga av det.

Det nye bygget vil få eit brutto bygningsareal på 2700 m². Eit viktig forhold ved konkurransen er korleis bygget kompletterer og utviklar campusen.

Ei evaluering av Statsbygg og HVO skal i løpet av hausten føre fram til ein vinnar av konkurransen. På det grunnlaget skal HVO vedta om prosjektet kan realiserast. Vedtek dei at det kan skje, vil prosjektet bli tilarbeidd fram til bygging. Også regjeringa skal ta stilling til realiseringa av prosjektet.

Kontakt

Gjermund Jappée
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 41512178
Send e-post
×