Statsbygg-kontrakt for NHH til HENT

Publisert 21.09.2018

Statsbygg har inngått kontrakt for totalentreprise med HENT når hovudbygget ved Noregs handelshøgskole no skal rehabiliterast. Kontrakten er på om lag 300 millionar kroner eks.mva.

Denne veka blei det kjent at Statsbygg har fått klarsignal av regjeringa til å gå i gang med rehabiliteringa av hovudbygget ved Noregs handelshøgskole (NHH).

HENT blei tildelt samspelskontrakt for prosjektet hausten 2017. Etter ein ni månader lang samspelsfase blei kontrakt for totalentreprisen inngått i slutten av mai i år. Kontrakten er på om lag 300 millionar eks.mva. Bygningsmassen som er omfatta av tiltaket, utgjer om lag 12 000 kvm.

– HENT har gjennomført over 30 samspelsprosjekt, og vi er veldig glade for at stadig fleire byggherrar satsar på denne entrepriseforma. Det er ein måte å jobbe på som i mykje større grad får ut det beste av kvar enkelt. Gjennom tettare samarbeid oppnår ein òg betre forståing for kvarandre sine utfordringar og moglegheiter, seier Simon Stevnebø, marknadssjef for HENT i Bergen.

Hovudbygg i ny drakt

Hovudbygget ved NHH slit med fukt og lekkasjar, tekniske anlegg er utdaterte, og moglegheitene for moderne studie- og arbeidsformer er ikkje gode nok. No vil høgblokka få ny fasade, men med det same uttrykket som i dag på lang avstand. Både høgblokka og lågblokkene vil få ein fargepalett som speglar byggjeåret 1963.

Bygningane skal òg etterisolerast. Saman med nye tekniske anlegg skal dette bidra til at energiforbruket ved NHH blir betydeleg redusert. Samtidig skal areala bli meir effektive og leggjast til rette for auka samhandling og nye undervisningsformer.

Tett samarbeid

Utviklinga av prosjektet er gjort i tett samarbeid mellom Statsbygg, NHH, arkitekt, rådgivarar og HENT. Origo Arkitektgruppe har hatt ansvar for arkitektfaget, mens Sweco har hatt alle fagrådgivarar.

Alle desse var òg med i skisseprosjektet og er med vidare i kontrakt med HENT. Caverion fekk kontrakten for leveransane i alle tekniske fag.

×