Statsbygg tek krafttak

Publisert 27.02.2018

Smarte bygg produserer energien sjølv. Statsbygg og byggjenæringa bidreg til nyskapande løysingar som vil endre energisystemet.

Sidan Edison fann opp lyspæra, har kraftprodusentar og nettselskap stått for utvikling og regulering av energimarknaden. Dette kan snart sjå annleis ut. Endringane kjem ikkje av seg sjølve, og energisektoren er ikkje leiande i utviklinga. Dei viktigaste drivkreftene er klimaomsyn, teknologiutvikling og byggjenæringa.

Statsbygg gjennomfører ei rekkje tiltak for å gjere statlege bygg meir klima- og energieffektive. Vi testar no ut bygningsbasert energiproduksjon, utveksling av straum gjennom eige nabolagsnett, eiga energilagring og avanserte styringssystem. Sjølv elbilen blir teken i bruk som energilager og kan levere straum til nettet når forbruket er på topp. Summen av tiltaka er lågare energiforbruk og redusert statleg klimafotavtrykk.

Klimapolitikken har medført strengare krav til energieffektivisering og kraftig satsing på fornybar energi i Europa. Begge delar har gitt monalege kostnadsreduksjonar. Nye bygningar bruker under halvparten så mykje energi som bygningar frå få år tilbake, og bygningar vil i stadig større grad bli energiprodusentar. Begge delar er lønnsamt no, og meir lønnsamt vil det bli. Statsbygg bygde det til då største solcelleanlegget i Noreg i 2013 og haustar no erfaring med solenergi frå fleire bygningar.

Batteriteknologien og solcelleanlegga blir billigare, og batteriinstallasjonar blir truleg lønnsamt i nær framtid. Statsbygg har som ein av dei første i Noreg bestilt ein større batteribank til eit pilotanlegg for å vinne erfaringar. Smarte styringssystem med nye løysingar for datafangst og stordataanalysar blir òg testa ut for å redusere forbruk og optimalisere bygningsdrifta.

EU opnar for såkalla micro-grid eller nabolagsløysingar i dei siste forslaga sine. Det inneber at Statsbygg i større grad kan leggje til rette for effektiv energiutveksling mellom bygningane på ein høgskolecampus. Fleire bygningar kan dele på felles solenergiproduksjon, lagring og styring. I framtida vil ulike lokale løysingar jobbe saman: lokal produksjon, nett, lagring og styring blir no testa ut i Statsbygg sitt pilotanlegg på høgskolecampusen Evenstad i Hedmark. Statsbygg samarbeider tett med forskarar i Forskningssenteret for miljøvennlig energi for nullutslipps nabolag (FME ZEN). Målet er å utvikle campus til eit nullutsleppsområde.

NVE har signalisert at effekt skal prisast høgare enn i dag gjennom såkalla effekttariffar. Dette kan gi incentiv til energilagring og forbruksstyring. Forbrukarane kan både spare pengar på nettleiga og bidra til redusert behov for nettinvesteringar.

Statsbygg er positiv til dette og meiner at omlegginga må kombinerast med ei betre tilrettelegging for alternative energiløysingar. Det er viktig å kunne etablere energiproduksjon i eller ved ein bygning når det er meir økonomisk og teknisk fornuftig enn å gjere tiltak i sjølve bygningskroppen. Styresmaktene må leggje til rette for at dei mest effektive energiløysingane blir valde.

Somme vil meine at Noreg ikkje treng energiproduksjon på eller ved bygningane sidan vi har vasskraft. Men Noreg er ein del av det europeiske kraftsystemet, og nye utanlandskablar knyter oss til den europeiske kraftmarknaden. Spart energi i Noreg gir reduserte klimagassutslepp i Europa.

Framtida er smart og grøn. Teknologisk utvikling og sterkare vektlegging av klimaomsyn nasjonalt og internasjonalt stimulerer til innovasjon og nye forretningsmodellar. Kraftbransjen må samtidig bli meir bevisst den nye forbruksrolla og utvikle nye tenester som treff krevjande energiforbrukarar. Statsbygg og byggjenæringa vil ha ei aktiv rolle i dette.

Kontakt

×