Tar tak i taket

Publisert 22.02.2018

Statsbygg skal rehabilitere taket på det freda Oslo fengsel avd. A, også kalla Botsfengselet. 

Etter anbodsrunde og evaluering jobbar Statsbygg for tida med innstilling til totalentreprise. Det er planlagt å inngå kontrakt medio mars.

Avdeling A består av 13 bygg der nokre av dei heng saman i fløyer. Takkonstruksjonane er i generelt dårleg stand med lekkasjar, sopp og ròte fleire stader. I tillegg blir det planlagt mogleg etterisolering av loftsareala for å få redusert varmetap gjennom taket og isdanning. Arbeidet blir gjort i tett dialog med antikvariske styresmakter.

Over alle takkonstruksjonane som er under arbeid, vil det blir montert eit telt for å hindre vassinntrenging og for å skape eit betre miljø for arbeidarane.

Prosjektet er planlagt gjennomført i to fasar i samspel med totalentreprenøren. I 2018 skal tre bygg/fløyer utbetrast. Denne fasen blir nytta til læring og samhandling. Samtidig startar planlegging av fase to der målet er å få ein fastprisavtale med oppstart våren 2019 for utbetring av resten av bygga.

Kriminalomsorga flytta ut av Botsen i september 2017, og dei innsette blei flytta over til dei nye modulfengsla på Ullersmo og Eidsberg. Framtidig bruk av Botsen er ikkje avklart.

Vern

Heile det gamle Botsfengselet, avdeling A, med området innanfor ringmur og framplassen (ved Egonporten) og Egon Olsens allé er freda i samband med Justisdepartementets landsverneplan. Fredinga skal sikre det einaste botsfengselet i landet, som var eit viktig ledd i utviklinga av justissektoren. Formålet er òg å sikre det komplette fengselsanlegget med det monumentale uttrykket. Prosjektet skal ta omsyn til den antikvariske verdien til Botsen.

Kontakt

Mirjana M. Rødningen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 48066674
Send e-post
×