Greier ut nytt anlegg for radioaktivt avfall

Publisert 13.02.2018

Statsbygg har lyst ut open anbodskonkurranse for eit nytt kombinert lager og deponi for radioaktivt avfall.

 

Det noverande lageret og deponiet for låg- og mellomaktivt avfall ligg i Himdalen i Akershus. Dette stod klart i 1998, men er allereie 60 prosent fylt opp. Utrekningar viser at det vil vere fullt ein gong mellom 2035 og 2040. Dersom atomreaktorane i Halden og Kjeller blir rivne, vil det blir fylt endå raskare fordi mykje av avfallet frå rivninga vil måtte lagrast i Himdalen.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har derfor bede Statsbygg utarbeide funksjonsbeskrivingar, lokaliseringsanalyse og kostnadsoverslag for eit nytt kombinert lager og deponi. Statsbygg har no lyst ut ein open anbodskonkurranse for innhenting av konsulentteam frå heile EØS-området.

Konkurransen er lyst ut i Doffin og TED. Frist for å gi anbod er 15. mars 2018.

Anskaffinga skjer via Mercell-portalen.

Statsbygg skal etter planen levere utgreiinga si til NFD våren 2019.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
Gjermund Jappée
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 41512178
Send e-post
×