Vil du forme den framtidige arbeidsplassen?

Publisert 23.08.2018

For at framtidige arbeidsplassløysingar skal bli endå betre, trengst innsikt som foreløpig ikkje finst. No arrangerer Statsbygg konferanse for å skape ho.

Arbeidslivet er i endring, mellom anna som ei følgje av digitalisering og nye krav til arealbruk. I åra som kjem, skal Statsbygg hjelpe tusenvis av statstilsette med å finne nye, gode løysingar for korleis dei kan jobbe.

Dyktige arkitektar og interiørarkitektar jobbar allereie med dette. Direktør for rådgiving og tidlegfase i Statsbygg, Hege Maria Eriksson, ser likevel gevinstar i at fleire kjem saman og bruker nye metodar i krevjande prosessar:

– Endringar er vanskeleg både for kvar og éin av oss og for organisasjonane vi jobbar for. Skal Statsbygg lykkast med å gi folk endå betre arbeidsplassløysingar, treng vi kompetanse og verktøy også frå fagområde som for eksempel tenestedesign, IKT, organisasjonspsykologi og endringsleiing, helst integrert i dei arkitekturfaglege tenestene, seier ho.

Arrangerer konferanse

Derfor arrangerer Statsbygg no dialogkonferanse i Oslo fredag 31. august.
Innspela herifrå vil bli lagde vekt på når Statsbygg i haust utlyser ein konkurranse om nye rammeavtalar for innovative tenester knytte til arbeidsplassutvikling og effektivisering av areal- og ressursbruken i staten.

– Vi vil utfordre bransjen til å tilby nye tenester, der arkitektar eller interiørarkitektar samarbeider saumlaust i team med alt frå designarar til ekspertar på digitalisering eller sosiologar. Før vi utlyser konkurransen for ein ny rammeavtale, vil vi høyre kva leverandørane sjølve har å by på.

Eriksson understrekar at gode løysingar for arbeidsplassen handlar om så mykje meir enn sjølve arbeidsplassløysinga.

– Minst like viktig er det å få leiinga i verksemda til å ta føringa og å få brukarar med på endring og utvikling. Vi må lage konsept baserte på ulike behov, men forstå behova på nytt.

Program

11.30 Registrering og enkel servering

12.00 Effektiviseringspolitikken i staten og Statsbyggs strategiske mål for arealeffektivisering ved administrerande direktør Harald V. Nikolaisen

12.15 Statsbyggs arbeid og ambisjon med arealeffektivisering og design av nye arbeidsformer ved direktør Hege Maria Eriksson

12.30 Presentasjon av Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) ved president Torunn Petersen, NIL

12.40 Innlegg og diskusjon med ulik fagleg tilnærming ved mellom andre avdelingsleiar for tenestedesign Ted Matthews frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og designar Adrian Paulsen, Halogen og direktør kundeoppleving Hege Kosberg, Bouvet

13.10 Pause og speed-dating

13.45 Avslutning og informasjon om vidare prosess

Lenke til konferansen på Doffin

Tid/ stad

Fredag 31. august 2018
Kl. 11.30–14.00
DOGA, Hausmannsgate 16, Oslo

Påmelding

Meld deg på via QuestBack innen 31. august

×