• Korsang i Olavsklosteret (Bispegården)
Skriv ut med undersider

Velkommen til oss!

Publisert 12.09.2018

Fredag 14. september opnar vi dørene til grotta, Oslo bispegard, Victoria terrasse og det nye Nasjonalmuseet, i samband med Oslo Kulturnatt. 

Grotta (under Grotten)

Wergelandsveien 4 kl. 19–22.00.

Statsbygg opnar sjølve grotta som ligg under kunstnarbustaden Grotten. I dag står det ei gipsbyste av Henrik Wergeland her, men då han budde i bustaden, brukte han grotta som utstillingsstad for alle moglege raritetar som han samla på.

Under kulturnatta inviterer Statsbygg publikum inn i grotta, der det blir korsong av Cor Mio.

Oslo bispegard og Olavsklosteret

St. Halvards plass 3 (inngang frå Ruinparken) kl. 19–22.00

Oslo bispegard, teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer, var oppført i 1884 i nygotisk stil på ruinane av Olavsklosteret frå 1236. Bygningen blei freda i 1994. Olavsklosteret er teke vare på i kjellaren, med teglkvelv og takmåleri. Andre delar av klosteret ligg i Ruinparken og er eit av dei mest komplette anlegga i Noreg. Det er òg eit av dei eldste klostera som er bygde i teglstein. Bispegarden og kvelvane er eigde og forvalta av Statsbygg.

Omvising kvar time frå kl. 19.00. Oppmøte ved hovudinngangen, Oslo bispegard.
Vokal Vivo syng i kvelvane kl. 19.30, 20.30 og 21.30.

Victoria terrasse, sørkvartalet

Victoria terrasse 11 kl. 19–22.00

Staselege Victoria terrasse med tårn, kuplar og spir blei teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer i 1885 og var svært moderne i si tid med innlagd straum og bad. Leilegheitene på mellom 240 og 460 kvadratmeter hadde opptil 12 rom med intrikat stukkatur og stor takhøgd. Henrik Ibsen budde i første etasje. Arbeidsrommet til Ibsen og trappeløpa er freda av Riksantikvaren. Statsbygg eig og driftar bygget.

Omvisingar med skodespelarar frå Ibsen-kompaniet og vising av ein kort film kvart 20. minutt. Danseoppvising i bakgarden.

Prosjekt nytt nasjonalmuseum

Oppmøte og påmelding: Mellomstasjonen, Brynjulf Bulls plass 2.
Første omvising startar 15.00 og går kvar time fram til 19.00. NB! Omvisinga kl. 17.00 er på engelsk.

Det blir ein liten presentasjon av prosjektet, etterfølgd av tryggleikskurs og omvising på byggjeplassen. Det er avgrensa tal på plassar, og først til mølla-prinsippet gjeld.

Kontakt

Ina Johanne Sneis
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 98426262
Send e-post
Mirjana M. Rødningen
Kommunikasjonsrådgiver
Mob. 48066674
Send e-post
×