Dørene opna for Norsk helsearkiv på Tynset

Publisert 04.06.2019

Norsk helsearkiv på Tynset er unikt i verda. No er nybygget deira på Tynset offisielt opna.

Statsbygg har vore byggherre for Helsearkivet på oppdrag både frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet. Under opninga vart derfor oppgåvene delte slik at helseminister Bent Høie heldt tale, medan Statsbygg sin sektordirektør Beate Bomann-Larsen overleverte bygget til kulturminister Trine Skei Grande. Kulturministeren stilte på si side lokala til disposisjon for Arkivverket ved riksarkivar Inga Bolstad.

Unik verksemd

Helsearkivet skal ta mot pasientarkiv frå heile spesialisthelsetenesta i Noreg, og samle dette til eitt, nasjonalt helsearkivregister. Det er unikt i verdssamanheng. Og bygningen er spesialdesigna for nettopp dette formålet.

Helseopplysningar skal bevarast i uavgrensa tid, og digitalisering vil føre til auka tilgjenge av det papirbaserte pasientarkivmaterialet. Arkivet skal ha kapasitet til mottak, digitalisering og digital bevaring av inntil 100 000 hyllemeter pasientmateriale. Etableringa av Norsk helsearkiv og helsearkivregisteret er ei viktig satsing for å fremje medisinsk og helsefagleg forsking.

Månadens miljøbygg

Nybygget er på rundt 2.500 kvadratmeter i to etasjar, og dei framståande materiala er stål, betong og massivtre. Bygningen har oppnådd klimamåla sette for prosjektet med god margin. Statsbygg gjorde eit grundig arbeid med å tilarbeide areala til eit effektivt bygg rundt kjernefunksjonane og å skilje ut areala med strenge brannkrav. Helsearkivet vart kåra til månadens prosjekt av Grønn Byggallianse i april 2019.

Å oppnå klima- og arealkrav var sentralt i konkurranseutforminga og val av totalentreprenør. HENT vann fordi dei viste korleis dei ville nå klimamåla ved arealoptimalisering, gode enkeltval, og ei særskilt god hybridløysing mellom massivtre, stål og betong. Klimagassutsleppet for det ferdige bygget er totalt sett redusert med nesten 60 prosent samanlikna med referansebygget. Dette har vore mogleg samtidig som bygget er utforma med høge krav til brannsikkerheit, fysisk sikring og tilgangskontroll både rundt og i sjølve bygget.

Nybygget for Norsk helsearkiv på Tynset har kosta rundt 165 millionar kroner. Totalentreprenøren Hent AS har hatt med seg Lusparken arkitekter AS og Norconsult AS som teknisk rådgivar.

Kontakt:

Vibeke Norum
Prosjektleder
Mob. 90224768
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Spesialrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×