Konsentrasjon krev ikkje kontor

Publisert 08.02.2019

Framtidas universitet og høgskular skal ha gode arbeidsplassløysingar. Då treng vi ein debatt der fakta rår, skriv administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen, i eit debattinnlegg.

NTNU-professorane Oscar Amundsen og Trond Kongsvik misforstår når dei i Aftenposten 6. februar spekulerer i korleis Statsbygg jobbar saman med universitet og høgskular for å finne smarte arbeidsplassløysingar.

Å finne beste arbeidsplassløysing handlar ikkje om valet mellom eige kontor eller ope landskap, men om kva løysingar som stør opp om behova verksemda har no og i framtida. Den einskilde verksemda sine mål og behov avgjer kva løysingar som er best. Viktige føresetnader er at det er nok rom til konsentrasjonsarbeid, til å ta imot studentar og at teknologien fungerer smidig.

Apropos konsentrasjon

Konsentrasjon er viktig i akademia, men det er ikkje gitt at konsentrasjon eller å ta imot studentar krev eit eige kontor.

Nesten halvparten av alle kontor står tomme til kvar tid. Forsking som tidlegare fylte hyllerader med bøker, er no digitalt tilgjengeleg. Det viktigaste for studentane er at det alltid finst rom der rettleiing kan gå føre seg, ikkje at rettleiaren har eige kontor.

Arbeidet vårt handlar om nettopp dette: Kva er dei reelle behova? Kva er dei beste løysingane? Korleis kan vi lage framtidsretta og fleksible bygg der verksemda kan nå måla sine og utvikle seg?

Ei klok ramme

I dette arbeidet er arealnorma på 23 kvadratmeter pr. tilsett ei klok ramme. Norma opnar for ulike arbeidsplassløysingar, også cellekontor. Norma bidreg til at vi og våre kundar får eit medvite forhold til areala som trengst, energiforbruk, klimafotavtrykk og korleis teknologien skal utnyttast.

Vi gir råd i denne prosessen, men det er verksemda sjølv som må ta stilling til kva for nokre løysingar som passar best.

Å finne den beste løysinga for ei verksemd er ein krevjande prosess. Leiarane må forstå kor krevjande endringar kan vere og leggje til rette for brei medverknad frå dei tilsette.
------
Delar av dette debattinnlegget vart publisert i Aftenposten fredag 8. februar.

Kontakt

×