Naboskapsmøte - Tromsø museum

Publisert 17.01.2019

Det er stor interesse rundt planforslaget for det nye Tromsø museum. Både presse og publikum hadde møtt opp då Tromsø kommune inviterte til naboskapsmøte.

Forslagsstillar for planen er Mack Øst AS i samarbeid med Statsbygg og Universitetet i Tromsø, Det arktiske universitet. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bygging av nytt Tromsø museum, nytt hotell og utvikling av Mack-kvartalet. I tillegg vil planen regulere «Kulturkvartalet» i samsvar med noverande bruk, medan Kunstforeningen med tilhøyrande vaktmeisterbustad (Musègata 4) er føreslått regulert til bevaring.

Manglar plass

Dagens museum har avgrensa areal til permanente og mellombelse utstillingar. Dette hindrar museet i å formidle vesentlege tema for regionen. Regjeringa har vedteke at Tromsø museum skal få ei samla løysing i Tromsø sentrum med nytt felles utstillings- og magasinbygg.

Kunnskapsdepartementet vedtok i 2017 lokalisering til Mack-tomta. Då plassering av det nye museumsbygget vart bestemt, uttalte dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen følgande:«Museet skal være en verdensledende institusjon. Jeg er glad for at vi har funnet en løsning som universitetet og byen kan være stolte av. Museets plassering vil være viktig for utviklingen av Tromsø by.»

Skisseprosjektet til det nye museet skal etter planane vere klart i løpet av 2018, og det er planlagt byggestart i 2020. Museet er kostnadsrekna til rundt 1,8 milliardar kroner.

Kontakt

×