Ny byggherredirektør i Statsbygg

Publisert 19.06.2019

Marius Tunstad blir ny direktør for byggherreavdelinga i Statsbygg.

Tunstad kjem frå stillinga som administrerande direktør i Aase Prosjekt. Tidlegare har han blant anna vore regiondirektør i Skanska Oslo, distriktssjef og prosjektleiar i NCC Construction AS og hatt fleire roller i Elkem.

- Eg gler meg til å ta del i by- og samfunnsutviklinga Statsbygg bidreg med. Statsbygg er ein tydeleg pådrivar for seriøsitet og kontinuerleg forbetring i næringa. Eg ser også fram til å bli kjent med nye dyktige kollegaer og bidra til vidare positiv utvikling saman med Statsbygg og samarbeidspartnarane, seier Tunstad.

Den nye byggherredirektøren startar i jobben i starten av september. Han tek over etter Synnøve Lyssand Sandberg, som nyleg vart ny sjef i Oslo S Utvikling.

Som byggherredirektør vil Tunstad leie ei avdeling som til kvar tid arbeider med meir enn 100 større og mindre byggeprosjekt over heile landet. Dei største prosjekta akkurat no er det nye regjeringskvartalet, det nye veterinærbygget på Campus Ås der Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen skal samlokaliserast, det nye Nasjonalmuseet og Livsvitskapsbygget på Blindern.

Administrerande direktør Harald Nikolaisen er nøgd med å få Tunstad med i toppleiargruppa si.

- Vi er veldig glade for å få Marius med på laget. Han har inngåande kjennskap til bygg og prosjektgjennomføring, og leiarerfaring frå både entreprenør- og byggherreroller. Eg er sikker på at han vil bidra til å løfte Statsbygg ytterlegare som ein leiande byggherre, seier Nikolaisen.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×