Regjeringa gir tommel opp til mediebygget

Publisert 20.08.2019

Jubel på Høgskulen i Volda då godkjenninga for å starte bygginga gjekk i boks. – Dette var kjekt og etterlengta, seier rektor Johann Roppen.

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, kom med den gledelege beskjeden tysdag om at regjeringa har godkjent planane for det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda (HVO). Nybø slapp nyheita under ein pressekonferanse i samband med at ho var i Volda for å offisielt opne studieåret ved høgskulen.

Dermed fekk Statsbygg, Høgskulen i Volda og entreprenør PEAB/K Nordang godkjenninga dei har venta på. Prosjekt nytt mediebygg ved HVO er no offisielt over i ei ny fase, og bygginga kan starte.
– Snart veit vi datoen for første spadetak, seier Roppen.

– Vi har jobba lenge med det nye mediebygget vårt allereie, men no vert det ein realitet – og det vidare arbeidet startar no! Dette skal vi feire, lovar Roppen.

Bygget skal vere godt tilrettelagt for dei yrkesretta medieutdanningane med mykje praksis, som har vore eit varemerke for HVO gjennom mange år. I tillegg til areal for dei tilsette, skal bygget huse blant anna studio, FutureLab, teiknesalar og redaksjonslokale for praktisk trening i medieyrka.

Les Kunnskapsdepartementets pressemeding.

Kontakt:

Tore Berg
Prosjektleder
Mob. 41542346
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Spesialrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×