Sjef for bygg med meining

Publisert 28.02.2019

Det skal tilsetjast i ei av dei mest utfordrande og spennande leiarstillingane innanfor prosjektgjennomføring. Er du Statsbygg sin nye byggherredirektør?

Statsbygg søkjer ein engasjert og erfaren direktør til byggherreavdelinga. Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gir råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Over 890 engasjerte og dyktige medarbeidarar i Statsbygg bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i utlandet.

Statsbygg sin byggherredirektør leier ei avdeling som til kvar tid arbeider med meir enn 100 større og mindre byggeprosjekt. Statsbygg bygger blant anna universitetsbygg, høgskular, fengsel, museum, trafikkstasjonar og ambassadar, og byggherredirektøren er ansvarleg for å ferdigstille 10–20 prosjekt kvart år. Dei største prosjekta akkurat no er det nye Regjeringskvartalet, Campus Ås, Nytt Nasjonalmuseum og Livsvitskapsbygget på Blindern.

Byggherredirektøren skal sikre gode relasjonar og eit godt samarbeid med Statsbygg sine oppdragsgivarar, og tek ansvaret for at Statsbygg sine byggherreoppdrag blir gjennomførte på ein effektiv og kundeorientert måte. Byggherredirektøren skal bidra i strategiarbeidet for Statsbygg og setje i verk strategiane i si avdeling. Gjennom prosjekta skal byggherredirektøren sørge for at Statsbygg bidreg til utvikling av bygge- og eigedomsbransjen og er ein pådrivar innanfor miljø, SHA, arbeidsvilkår og seriøsitet i bransjen.

Byggherredirektøren leier ei avdeling med sentrale leiarfunksjonar som prosjekteigarar, prosjektleiarar og prosjektstyrarar, og skal bidra med kvalitetsstyring, erfaringsoverføring og kompetansebygging innanfor prosjektfaget. Byggherreavdelinga har 120 medarbeidarar. Byggherredirektøren rapporterer til administrerande direktør og er med i Statsbygg si toppleiargruppe.

×