Søk Summer Internship!

Publisert 17.01.2019

Søk innan 20. januar for høvet til å vere Summer Intern hos oss i 2019! Kvar sommar gir vi 30 studentar høve til å utvikle kompetansen sin innanfor fagfeltet sitt gjennom vårt Internship.

Gjennom sommaren får studentane løyse faglege utfordringar med rettleiing frå ein fadder og eit sterkt fagmiljø. I tillegg til arbeidserfaring får studentane relevante kurs, synfaring på byggeprosjekt og sosiale arrangement. Internshipet er derfor ein god arena for å bygge nettverk på tvers av utdanningsinstitusjonar og fagområde.

Som statens byggherre er det eit stort spenn i problemstillingane som skal løysast. Alle studentar kan søkje, men det er spesielt relevant med studentar innanfor ingeniørfag, arkitektur, økonomi, revisjon, areal- og planfag, juridiske fag, eigedomsfag, kommunikasjon, SHA/HMS, HR og IKT. Internsprogrammet passar for studentar som har 1–2 år att av masterutdanninga si.

Interns vil få tilhøyrsle i ei av dei fem avdelingane våre; byggherreavdelinga, eigedomsavdelinga, fagleg ressurssenter, rådgiving og tidlegfase eller økonomi- og verksemdsstyringsavdelinga. I tillegg skal kommunikasjonsstaben vår ha ein eigen intern. Det kan bli aktuelt at staben vår for internrevisjon også tek imot ein summer intern.

Det er eit lønt internship som varer i åtte veker, frå 17.06.19 til 09.08.19, der veke 28 og 29 i juli er ferie.

Kontakt

×