Starta rivejobben i Regjeringskvartalet

Publisert 02.04.2019

Måndag sette Statsbygg i gang rivearbeidet med R4 i regjeringskvartalet. Det inneber at Eva Kolstads gate blir stengt, og at gang- og sykkelruter blir endra.

- Det første som skjer, er rigging og oppsetting av byggegjerde. Gjerdet blir bygd på staden, så dette vil truleg ta eit par veker, seier prosjektleiar Anne Braaten i Statsbygg.

Stengt gangveg

Ein konsekvens av riving og byggegjerdet er at gang- og sykkelvegen under Høgblokka og gjennom Eva Kolstads gate blir stengt. Det vil ikkje bli endringar i køyremønsteret for biltrafikken med det første, og verksemder i nærleiken vil i rivefasen ha same tilgang som tidlegare.

I starten vil det vere tilrigging, innvendige arbeid og miljøsanering. Det som folk flest oppfattar som riving, å ta ned bygget fysisk, er ikkje det første som skjer. Det vil starte på forsommaren.

Ikkje Donald Duck-kule

Det er ikkje lenger slik at ein riv med «Donald Duck-kule» eller ei ladning med dynamitt. Bygget blir rive og klipt gradvis for å oppnå ei høg miljøsortering på avfallshandteringa, seier Anne Braaten.

Regjeringsbygg 4 (R4) inkludert Møllergata 17 (M17) utgjer 25.700 kvadratmeter. Det er eit langt og smalt bygg og strekkjer seg heile 130 meter langs Møllergata og Grubbegata.

- Vi vil byrje den fysiske rivinga med M17 i Møllergata. Deretter vil vi rive gradvis sørover mot Stortorget. Anleggstrafikken vil køyre rundt Youngstorget og knytast til Ring 1 i krysset med Calmeyers gate.

Totalentreprise

Statsbygg har tildelt totalentreprise for rivinga til Veidekke.

Heile R4 skal rivast ned til grunnen under terrengnivå i Møllergata. Som ein del av riveentreprisen inngår også sikring av byggegrop etter at bygga er rivne, og sikring av tilliggande bygningsmasse.

R4 vart oppført mellom 1985 og 1988. Det er eit stort bygg med ni etasjar, to kjellaretasjar og helikopterdekk på taket. R4 vart sterkt skadd under bombeeksplosjonen 22. juli 2011. I ettertid er all innreiing og tekniske installasjonar fjerna i kontoretasjane.

I 2014 vedtok regjeringa at R4 til liks med S-blokka og Y-blokka skulle rivast.

S-blokka vart riven i 2014 og 2015. Det er forventa at rivinga av R4 og Y-blokka tek eitt år til saman. Y-blokka blir riven etter at rivearbeidet med R4 er ferdigstilt. Det er forventa at dei førebuande byggearbeida i regjeringskvartalet startar i 2020.

Kontakt

×