Statsbygg kjøper Møllergata 11

Publisert 16.01.2019

Som ein del av utviklinga av det nye regjeringskvartalet har Statsbygg kjøpt eigedomen Møllergata 11 i Oslo der Krosby Møbler held til.

Dei overtek eigedomen frå seljar Krosby Møbler AS seinast 1.oktober i 2019. Partane kan avtale ei tidlegare overtaking føresett at seljar har inngått avtale om leige eller kjøp av nye lokale for verksemda si.

I utviklinga av det nye regjeringskvartalet har det lenge vore planar om at staten skulle erverve Møllergata 11. Dette er stadfest i den statlege reguleringsplanen som vart vedteken i 2017.

Det nye regjeringskvartalet skal byggast mellom Akersgata og Møllergata med hovudvekt av ny bygningsmasse mellom Møllergata og Grubbegata. Tre av dei skadde bygningane frå terrorudåden skal rivast eller er rivne. Møllergata 11 skal også rivast.

– Møllergata 11 blir riven for å gjere plass til ein liten veg mellom dei planlagde B- og C-bygga i det nye regjeringskvartalet. Det blir ei fin gjennomfartsåre for gåande og syklande, og ei klar forbetring av ferdselen aust–vest i området. Dette vil vere ein del av den byreparasjonen som det nye regjeringskvartalet representerer, fortel Pål Weiby, kommunikasjonsleiar i Statsbygg.

Illustrasjonen i denne saka viser ein tenkt situasjon og ikkje nødvendigvis slik det blir. Han viser likevel klart korleis kvartalsstrukturen blir opna opp. (Illustrasjon: Statsbygg/Team Urbis)

Kontakt

×