Statsbygg lanserer ny miljøstrategi

Publisert 16.04.2019

Statsbygg har revidert miljøstrategien sin. Klima, sirkulærøkonomi og lokalmiljøet er dei fremste miljøsatsingane for Statsbygg.

- Rolla vår er å gi råd og tydelege tilrådingar til kundane våre når det gjeld miljø, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg. – Vi skal ikkje ta avgjerder om kva miljøambisjonar oppdragsgivarane eller leigetakarane våre skal ha, men tilrå lønsame miljøtiltak som dei kan velje. Miljøstrategien gir uttrykk for tilrådingane våre og det vi forsøker å oppnå i Statsbygg sin portefølje av tenester. Strategien er forankra i Kommunal- og moderniseringsdepartementet som gir oss god støtte i miljøarbeidet.

Klima, sirkulærøkonomi og lokalmiljø

… er dei tre satsingsområda til Statsbygg for heile verksemda i perioden fram til 2021. Statsbygg skal jobbe for å redusere dei klimagassutsleppa vi kan påverke.

Sirkulærøkonomi handlar om ressursbruk i eit større perspektiv. Meir konkret handlar det for Statsbygg om arealbruk, ombruk av bygningar og materiale, handtering av avfall med meir. Det siste satsingsområdet handlar om å sjå arbeidsplassar, bygningar og lokalmiljøet i samanheng og å få til dei beste løysingane på eit lokalt nivå. Det kan for eksempel vere å legge til rette for miljøvenleg transport.

Bygg mindre nytt

- Eg er truleg ein av dei få byggherrane som argumenterer for at vi må bygge mindre i dette landet, seier Nikolaisen. - Eg har tre gode grunnar til dette: For det første er det dyrt, og det offentlege kan bruke pengane på betre formål. For det andre står halvparten av alle kontor i Europa tomme til kvar tid. Det er eit enormt potensial i å utnytte eigedomsmassen betre enn det vi gjer i dag. For det tredje er det er ikkje samsvarande med klimamåla til regjeringa eller i Parisavtalen. Vi kan ikkje bygge oss ut av klimakrisa. Løysinga er arealeffektivisering, og at vi heller bygger til eller om når vi treng å dekkje nye lokalbehov, slår Nikolaisen fast.

 

Kontakt:

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×