Statsbygg skjerpar seriøsitetskrava

Publisert 02.07.2019

Statsbygg skjerpar krava sine til delen faglærte og lærlingar, faste tilsetjingar og innleige frå bemanningsføretak.

For faglærte held Statsbygg oppe kravet om 40 % faglærte, men det blir skjerpa inn at kravet gjeld for heile kontrakten og at det må liggje føre NOKUT-godkjenning for ikkje-nordiske fag- eller sveinebrev.

For lærlingar blir kravet om 5 % lærlingar halde oppe, men praksiskandidatar tel ikkje med. I entreprisekontraktar er det ikkje krav om at hovudleverandør er godkjend lærebedrift, men det blir skjerpa inn at kravet om 5 % lærlingar skal oppfyllast i leverandørkjeda. Er hovudleverandør ikkje lærebedrift, må underleverandørane oppfylle kravet om lærlingar. Det er framleis krav til berre to ledd i kontraktskjeda, det vil seie hovudleverandør og eit ledd underleverandørar.

For avtalar om handverkertenester, inkludert rammeavtalar innanfor drift og vedlikehald av eigedomar, må hovudleverandøren vere godkjend lærebedrift og ha minst éin lærling tilsett. I tillegg skal kravet om 5 % oppfyllast i løpet av tida avtalen varer.

Statsbygg innførte i 2015 fleire seriøsitetskrav i sine kontraktar. I 2018 starta ei omfattande evaluering av krava. Revideringa av seriøsitetskrava som blir innførte no, er basert på innspel frå næringa, eigne erfaringar frå oppfølging av krava og endringar i regelverket ligg føre no. Desse vil innarbeidast i kontraktbøkene og gjelde for alle konkurransar som blir lyste ut framover.

Fast tilsette og mindre innleige

Intensjonen med endringane i arbeidsmiljølova som vart sett i kraft 1.1.2019 er faste tilsetjingar med reelle stillingsbrøkar og avgrensa innleige frå bemanningsføretak.

- Statsbygg har dessverre erfart at ein del verksemder ikkje innrettar seg etter dei nye reglane, og vi har derfor sett oss nøydde til å regulere enkelte forhold knytte til dette, fortel administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg. - Vi set no tak på 20 % innleige frå bemanningsføretak, og stillingsbrøkar skal vere minimum 80 %, uavhengig av om innleigar er bunden av tariffavtale. I tillegg blir det stilt krav om at innleigar må ha eigne fast tilsette faglærte innanfor dei faga dei leiger inn til på alle arbeidslag. Slik vil ein unngå arbeidslag som i sin heilskap består av innleigd personell, legg Nikolaisen til.

Statsbygg vil invitere til frukostmøte om dei reviderte seriøsitetskrava til hausten.

Tanja Halonen Dugstad
Underdirektør
Mob. 92021547
Send e-post
Stig Petter Pettersen
Spesialrådgiver
Mob. 99561535
Send e-post
×