Stor interesse for Nationaltheatret-oppussing

Publisert 27.03.2019

15 prosjekteringsgrupper ønskjer å tilrå korleis Nationaltheatret bør rehabiliterast.

Nationaltheatret har stort behov for oppussing. Kulturdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide forprosjekt for rehabiliteringa av teatret.

Som ein del av arbeidet med forprosjektet søkte Statsbygg i februar etter ei prosjekteringsgruppe til å lage skisseprosjekt for teatret. Skisseprosjektet skal belyse korleis oppussinga best kan gjerast og tilrå konkrete løysingar.

I alt har 15 prosjekteringsgrupper meldt interesse overfor Statsbygg.

- Vi skal både legge til rette for moderne teaterdrift, og gjere ein av dei aller viktigaste kulturbygningane i Noreg like flott som han ein gong var. Då er det gledeleg at så mange godt kvalifiserte grupper vil vere med i konkurransen, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.

Statsbygg skal no evaluere teama som har meldt interesse. Desse skal først gjennom ei prekvalifisering. Ut frå tekniske og faglege kvalifikasjonar vil minimum fem deltakarar bli inviterte til å gi tilbod.

Ved endeleg val av tilbod vil kvalitet og kostnad vere avgjerande. Det er forventa å vere klart i juni kva for ei prosjekteringsgruppe som får oppdraget med å lage skisseprosjektet. Gruppa Statsbygg søkjer etter, skal blant anna innehalde arkitekt, landskapsarkitekt og rådgivande ingeniørar innanfor fleire fag.

Skisseprosjektet har planlagt oppstart i august og skal vere ferdig våren 2020.

Prosjekteringsgruppene

Dei 15 tilbydarane er i tilfeldig rekkefølge:
• White Arkitekter AB
• LINK arkitektur AS
• WSP Norge AS
• NSW Arkitektur AS
• Sweco Norge AS
• Snøhetta Oslo AS
• Rambøll Norge AS
• Lund Hagem Arkitekter AS
• Kritt Arkitekter AS
• Nordic Office of Architecture AS
• Multiconsult Norge AS
• L2 Arkitekter AS
• KIMA Arkitektur
• Arkitema Architects AS
• HRTB AS


Ei totaloversikt over alle deltakarane i dei ulike gruppene kan lastast ned i eit eige dokument til høgre på sida.

Fakta om oppussinga

Statsbygg har i samarbeite med Nationaltheatret utarbeida ein rekke tiltak for å forbetre den 119 år gamle teaterbygningen.

Blant anna skal fasader og tak rehabiliterast. Antikvariske område skal restaureres. Tekniske anlegg skal skiftes ut.

Hovedscenen skal få eit bevegeleg scenegulv, bakscenen vil bli utvida med betre plass til kulissar, og siktlinjane i salen og akustiske forhold skal forbetres. Både publikumsfasilitetane og den universelle utforminga vil bli betre.

Det skal også byggjes opptil 2500 kvm. under bakken ved teatrets hovedinngang. Disse areala skal blant anna romme produksjonstekniske funksjonar.

Oversikt over prosjekteringsgruppene

Prosjekteringsgrupper_skisseprosjekt_nationaltheatret
×