Varslingssaker i Statsbygg

Publisert 20.03.2019

Statsbygg tok i fjor mot sju varsel. Sakene var alvorlege både for Statsbygg og for dei involverte.

- Statsbygg oppfordrar både interne og eksterne aktørar til å varsle om moglege kritikkverdige forhold i organisasjonen eller i prosjekta våre, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg, og legg til: -Varslarar kan bidra til at vi unngår ulykker på byggeplassen, sosial dumping, kriminelle handlingar eller andre uønskte hendingar. Vi oppfordrar derfor både eigne tilsette og innleigd personell om å varsle om kritikkverdige forhold hos oss.

Varslingssaker i 2018

I 2018 handla dei interne varsla om eitt tilfelle av seksuell trakassering, eitt tilfelle av uklarleik om reiseutgifter og to tilfelle av brot på Statsbygg sine reglar for bruk av e-post.

Eksternt handla eitt varsel om val av underleverandør i eit byggeprosjekt, og mogleg brot på krav i kontrakten. Det vart ikkje funne at det låg føre kritikkverdige forhold, men prosjektleiinga vart rådd til å følge opp nokre problemstillingar. Eitt anonymt varsel gjaldt ei bedrift som hadde fått ein dom for momsunndraging, men det vart ikkje funne grunnlag for å utelukke bedrifta frå Statsbygg sine konkurransar på bakgrunn av dommen og forholda som vart omtalte der. Eitt siste varsel gjaldt fare for helse. Saka vart tilfredsstillande løyst av ansvarlege i linja.

I 2018 vart det laga ein varslingsplakat for Statsbygg som heng på hovudkontor, eigedomar og prosjektkontor i Statsbygg. Plakaten ligg føre på norsk, engelsk, polsk og russisk. Ein elektronisk varslingskanal er gjord tilgjengeleg på norsk, engelsk, litauisk, polsk og russisk. Varsla blir behandla av Statsbygg sin varslingskomité, som består både av eigne tilsette og ein ekstern representant.

Kontakt:

×