Vegstasjonen på Gol opna

Publisert 08.03.2019

Den nybygde sambruksstasjonen og døgnkvileplassen på Gol er høgtideleg opna. Her har Statsbygg bygd ein stasjon for Statens vegvesen som oppfyller nye krav til framtidige vegtrafikkstasjonar.

Det var avdelingsdirektør Kjersti Sandvik i Statsbygg som overleverte stasjonen til regionvegsjef Kjell Inge Davik i Statens vegvesen. Under opninga påpeikte ho at når Vegvesenet blir digitalisert, effektivisert og endrar seg i tråd med krava i samfunnet, så endrar også krava deira til lokale seg.

Sommaren 2016 fekk Statsbygg i oppdrag å lage eit forprosjekt for sambruksstasjon og døgnkvileplass. Reguleringsplanen vart godkjend hausten 2015. Etter at forprosjektet og styringsramme vart godkjend, tok det ikkje meir enn 14 månader før innflytting. Resultatet av byggeprosessen er ein funksjonell stasjon, med god stadtilpassing og ein arkitektur som profilerer Statens vegvesen på ein god måte. Stasjonen har ei strategisk viktig plassering nær riksveg 7 og riksveg 52.

Sambruksstasjonen på Gol vart vald ut til å vere ein av nokre få pilotar for Statsbygg si satsing på digital gjennomføring av byggeprosjekt. Den raske og effektive byggefasen kan ikkje minst tilskrivast dette.

Nøkterne bygg

Sambruksstasjonen består av eit nybygg på 670 kvadratmeter. Sjølve trafikkstasjonen er på 450 kvadratmeter og rommar ekspedisjon, kontorlandskap og møterom. I tillegg kjem kontrollhallen på 215 kvadratmeter. Utanfor er det ein døgnkvileplass på heile åtte mål, med plass til 25 vogntog og med eit servicebygg med dusjar og toalett. Bygningane har nøktern utføring med flater og utstyr som har god slitestyrke og lågt vedlikehaldsbehov.

I energibruk er dette eit framtidsretta anlegg. Kontor og publikumsdelen held passivhusstandard. Det er varmepumper med høg verknadsgrad, og det er solceller på taket, som vil gi lågare energikostnader i drift. Det er også brukt klimavenlege materiale. Ytterveggane er utførte i bindingsverk i tre, isolasjon av blåseull og royalimpregnert trekledning, noko som har resultert i over 60 prosent reduksjon i utsleppa for ytterveggkonstruksjonen åleine. I den plasstøypte betongen er det brukt lågkarbonklasse B.

Anlegget rundt døgnkvileplassen med servicebygget er også innbydande og har funksjonelle, miljøvenlege og berekraftige løysingar med tanke på materialbruk, handtering av overvatn, klimapåverknad og levetid.

Kontakt:

×