Viktig å begrense innleige

Publisert 15.05.2019

Med systematiske kartleggingar, samarbeid om nye kontraktsreglar, kontrollar og stikkprøvar jobbar Statsbygg for å avgrense innleige og sikre seriøse byggeplassar.

Ein høg del innleige kan få mange negative konsekvensar på ein byggeplass. Blant anna kan faren for sosial dumping og uverdige tilsetjingsforhold auke.

Statsbygg har derfor teke ei rekkje grep for å avgrense bruken av innleige.

- Vi har sett i gang ei systematisk kartlegging av fakta gjennom HMSREG og stikkprøvar frå byggeplassar for å få eit riktig bilde av situasjonen i dag. Vi har også invitert Byggenæringens landsforening og Fellesforbundet til samarbeid om utforming av nye kontraktsreglar. Dette arbeidet går føre seg, og vi opplever at det er stor semje om røyndomsbildet og måla for arbeidet, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen.

Det er også sett i gang informasjonsrundar overfor Statsbygg sine kontraktspartnarar for å gi kunnskap om temaet. Stikkprøvar og kontroll blir tekne jamleg, og kvar byggeplass blir følgd direkte opp.

- Statsbygg vil ha byggeplassar med gode, føreseielege og trygge arbeidsforhold for alle, noko som igjen bidreg til god kvalitet på utførte arbeid og færre byggefeil. Dette jobbar vi for heile tida, seier Nikolaisen.

Innleige på Ås

I ein reportasje på Dagsrevyen set NRK søkjelys på innleige og bruk av bemanningsføretak i byggenæringa.

Ved Statsbygg sitt byggeprosjekt Campus Ås har arbeidsomfanget for elektroarbeida hatt ein uventa vekst gjennom endringar i prosjektunderlag og nye oppgåver, og det har vorte behov for ekstra bemanning. Statsbygg leiger ikkje bemanning sjølv, men Statsbygg sin leverandør har løyst utfordringa med innleige. I NRK-reportasjen kjem det fram at innleigegraden er svært høg for elektroarbeidarane.

Statsbygg meiner det er positivt at NRK tek opp denne tematikken.

- Vi er svært opptekne av å auke seriøsiteten i byggenæringa og jobbar aktivt for dette. På Campus Ås har vi eit samarbeid med Skatteetaten, A-krim og Arbeidstilsynet. Vi har også ein engasjert LO-koordinator som skal hjelpe oss med å avdekkje useriøse forhold. Bruk av bemanningsføretak blir følgt tett.

Nikolaisen seier at innleige på Campus Ås er innanfor regelverket, men han er likevel klar på at høg del innleige er problematisk:

- Vi har teke opp dette med leverandøren, som er den som har kontrakt med bemanningsføretaket, og vil halde fram med å insistere på minst mogleg innleige. Sjølv om lovverket ikkje slår fast kva som er ein riktig tilsetjingsprosent, ønskjer vi tilsetjingsgradar som sikrar sikkerheit og føreseielegheit, både for den enkelte og for prosjektet. Slik skaper vi sikre byggeprosjekt med eit godt arbeidsmiljø, høg kvalitet og høg produktivitet.

Kontakt

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×