• Anne Mette Raaholt (prosjektleder, Statsbygg), Rune Karlsen (daglig leder, OBAS Øst), Guri Hjeltnes (direktør, HL-senteret) og Peter Brekke Skråvik (arkitekt, Transborder Studio) under signeringen på Villa Grande.

Villa Grande-kontrakt underteikna

Publisert 29.08.2019

Statsbygg har signert kontrakt med totalentreprenøren OBAS Øst for nytt tilbygg til HL-senteret.

Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar har lenge hatt behov for større og meir fleksible utstillingslokale. Det nye tilbygget på Bygdøy i Oslo skal plasserast nordvest på eigedomen ut mot parkeringsplassen til Villa Grande og ved sida av bunkeren frå okkupasjonsåra. Det skal i tillegg til utstillingsrom også innehalde undervisningsrom, verkstad, garderobe og toalett.

Totalt utgjer tilbygget 740 kvm fordelt på to etasjar. Det skal koplast på Villa Grande i begge etasjane for å sikre god publikumsflyt.

- Dette er eit veldig spennande prosjekt, som både tilpassar seg den eksisterande eigedomen og samtidig tilfører nye flotte arkitektoniske kvalitetar. Tilbygget vil betre rammene for HL-senteret sitt viktige arbeid knytt til livssynsminoritetar, seier prosjektleiar Anne Mette Raaholt i Statsbygg.

Våren 2017 vann Transborder Studio den avgrensa plan- og designkonkurransen om tilbygget. Denne veka signerte Statsbygg kontrakt med totalentreprenøren OBAS Øst. Utviklinga av prosjektet har skjedd i tett dialog med riksantikvar og byantikvar.

I tillegg til tilbygget skal det også etablerast eit bergvarmeanlegg for den samla eigedomen. Budsjettramma for tilbygget og bergvarmeanlegget er 50 millionar kroner.

Byggearbeida startar opp i september. Etter planen skal prosjektet vere ferdig sommaren 2021.

×