Skal gjere statens lokaler endå betre

Publisert 01.11.2019

Statsbygg skal få råd av Asplan Viak og Gottlieb Paludan Architects i arbeidet med å utvikle og modernisere statlege lokale.

I offentleg sektor er det aukande krav om modernisering og ressurseffektivisering. No har Statsbygg inngått rammeavtalar med Asplan Viak AS og Gottlieb Paludan Architects AS om rådgivingstenester knytte til statleg lokalbruk.

- Nokre av dei viktigaste oppgåvene Statsbygg har, er å gi statlege verksemder gode og fleksible lokale, og å bidra til at dei bruker areala sine effektivt. No har vi fått dyktige rådgivarar med oss på laget, slik at vi kan gjere dette arbeidet endå betre enn i dag, seier Hege Maria Eriksson, direktør for rådgiving og tidleg fase i Statsbygg.

Rammeavtalane skal styrkje Statsbygg som rådgivar, byggherre og tilbydar av lokale. Asplan Viak og Gottlieb Paludan Architects skal hjelpe Statsbygg i å utvikle lokale og arbeidsplassar i tråd med den strategiske utviklinga av verksemdene, både når det gjeld råd om anskaffingar i den private marknaden og utvikling av formålsbygg.

Statsbygg reknar at rammeavtalane vil vere verdt ca. 70 millionar kroner over fire år.

Arbeidet med rammeavtalane starta då Statsbygg i fjor arrangerte ein dialogkonferanse for å få innspel frå marknaden. Eit av hovudmåla med konferansen var at leverandørar frå ulike fag skulle kome saman i team som utfyller kvarandre.

Asplan Viak og Gottlieb Paludan Architects har med seg følgande firma i teama sine:

Asplan Viak, IARK AS, Knowit AS og Mellomrom Arkitekturpsykologi AS.
Gottlieb Paludan Architects, ÅF Digital Solutions AS og Nice Industridesign AS.

Hege Maria Eriksson
Direktør rådgivning og tidligfase
Mob. 92445089
Send e-post
Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×