No kan du melde deg på Statsbyggkonferansen!

Publisert 19.09.2019

Kan byrom og bygningar vere opne og inviterande – og samtidig sikre? Høyr erfaringar frå det nye Nasjonalmuseet, regjeringskvartalet, fengsel og universitet på Statsbyggkonferansen 2019.

Programmet for Statsbyggkonferansen 2019 er klart!

Med temaet «Open // Lukka» utforskar konferansen samspelet mellom bygningar og omgivnader, og mellom bygningar og menneske. Når kravet til sikkerheit og kontroll aukar samtidig som vi ønskjer openheit og dialog, skaper det utfordringar. Er det mogleg at bygningar og omgivnader kan vere opne - og samtidig lukka?

På scenen deler blant andre direktør Karen Hindsbo ved det nye Nasjonalmuseet og fengselsleiar Tom Eberhardt ved Bastøy fengsel erfaringane sine.
Konferansier Anne Lindmo leier oss gjennom ein dag fylt med fag, humor og tankevekkjande diskusjonar.

Konferansen finn stad torsdag 7. november i operaen i Oslo.

Thale Berg Husby
Kommunikasjonsleder
Mob. 97022023
Send e-post
×