Nye Statsbygg-prosjekt i statsbudsjettet

Publisert 07.10.2019

Vikingtidsmuseet er eit av prosjekta som får klarsignal når det blir føreslått å bruke 5,7 milliardar kroner til prosjektering og bygging i statsbudsjettet 2020.

- Forslaget til statsbudsjett gjer det mogleg for oss å starte fleire nye prosjekt neste år, fortel Harald V. Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg. - Dei er alle viktige prosjekt, og nokre av dei er etterlengta.
Nikolaisen dreg særleg fram at det er gitt oppstartsløyving til Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo. – Dette er eit prosjekt som vil gjere det mogleg å ta vare på og vise fram unike kulturminne i verdsklasse. Totalt vil det nye Vikingtidsmuseet koste rundt 2,1 milliardar kroner.

Frå fengsel til campus

I budsjettforslaget ligg det også inne 17 millionar kroner til oppstart av rehabilitering av Ila fengsel. Prosjektet har ei kostnadsramme 353 mill. kroner, og ei forventa ferdigstilling er 2. halvår 2022. Vidare er det føreslått 170 millionar kroner til førebuande sikkerheitsrelaterte arbeid i prosjekt nytt regjeringskvartal i 2020.

Det er også føreslått å løyve 15 millionar kroner til prosjektering av nytt fengsel i Oslo, 40 millionar til Campus NTNU og 55 millionar kroner til Ocean Space Center i Trondheim.

For eigedomar utanfor husleigeordninga, blir 35 millionar kroner omdisponert til ekstraordinært vedlikehald og rehabilitering av kulturhistoriske eigedomar. Dette er ein auke på 15 millionar kroner samanlikna med 2019. I 2020 vil Rosenkrantztårnet bli prioritert, slik at arbeidet kan ferdigstillast i 2021.

Statsbygg jobbar med rehabilitering av Nationaltheatret. I budsjettforslaget er det føreslått 78 millionar kroner til vidareføring av prosjekteringa. Prosjekteringa av Tromsø Museum ved Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet, blir vidareført med 23 millionar kroner, og forprosjekt for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo blir vidareført med 4 millionar kroner.

Total løyving til vidareføring av ordinære byggeprosjekt er 799,7 mill. kroner. Dette gjeld blant anna nytt museumsbygg for Saemien Sijte på Snåsa (29,8 mill. kroner), Agder fengsel avdeling Froland (73,4 mill. kroner) og Agder fengsel avdeling Mandal (41,7 mill. kroner).

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×