• Fra venstre: Morten Grongstad i AF-gruppen, Ståle Rød i Skanska, Harald V. Nikolaisen i Statsbygg og Jimmy Bengtsson i Veidekke

Regjeringskvartalet: Tre storkontraktar til tre storentreprenørar

Publisert 14.10.2019

Dei tre første entreprisekontraktane i Regjeringskvartalet er inngått. Samla venta kontraktsverdi er 2,8 mrd. kroner.

–Eg er svært nøgd med at vi no har nådd ein viktig milepåle i gjenoppbygginga av regjeringskvartalet etter terroren 22. juli 2011, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Kontraktane går til dei tre største entreprenørselskapa i Noreg – Veidekke, Skanska og AF-gruppen.

- Rehabilitering av H-blokk: Skanska (venta verdi av kontrakten: 1 050 mill. kr)
- Kjellar under heile kvartalet: Veidekke (venta verdi av kontrakten: 1 200 mill. kr)
- Energiforsyning: AF-gruppen (venta verdi av kontrakten: 550 mill. kr)

- Dette er solide og gode entreprenørar å spele på lag med, for oss som byggherre. Det forsterkar inntrykket av at mange gode krefter står saman for å atterreise regjeringskvartalet, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Utbygginga av regjeringskvartalet vil gå føre seg med samspelkontraktar, og med eigne kontraktar for kvart bygg, kjellar, energiforsyning, rigg & drift og førebuande arbeid. Samspel inneber at entreprenøren blir kontrahert før prosjektet er ferdig utvikla, og at prosjektet blir gjennomført med ein felles organisasjon (samspelsorganisasjon), der byggherren (Statsbygg), entreprenøren og rådgivarar (Team Urbis) er integrerte og saman tek del i utviklinga av prosjektet.

- Vi har stor tru på samspel. Entreprenørkompetansen blir tilført tidleg i prosjektet. Det gir større føreseielegheit, tryggare kostnadsestimat, høgare effektivitet og lågare risiko for forseinkingar, seier Nikolaisen.

- Med fleire entreprenørar innanfor eit trongt område midt i byen i eit stort byggeprosjekt med strenge sikkerheitskrav og krevjande logistikk, blir det heilt nødvendig med samspel, openheit og samarbeid. Det blir samspel ikkje berre innanfor kvar enkelt kontrakt, men også på tvers av kontraktane. Med andre ord må entreprenørane samarbeide med kvarandre også.

Sjølv om entreprenør er kontrahert, er byggestart avhengig av godkjenning frå Stortinget. Det er forventa byggestart i 2021.

Statsbygg har også tre andre kontraktar ute i marknaden. Det gjeld kontraktane for D-blokk, rigg & drift og førebuande arbeid, og dei vil venteleg bli avgjort i løpet av 3–6 månader.

Beskriving av dei tre kontraktane

Høyblokka: Skal rehabiliteres til eit velfungerande kontorbygg for cirka 480 tilsette. Skal refundamenteres og bygningens hovedbæring skal forsterkes. Fasadane skal rehabiliteres innanfor gjeldande vernehensyn, og hovedtrapperommet over 2. etasje skal bevares. Alle tekniske anlegg skal skiftes ut.

Kjeller: Omfattar komplett kjeller i heile kvartalet inkl. graving, fundamentering, råbygg, innredning og tekniske installasjonar. Ca. 25 000 m2 nybygg. Kjelleren bind byggene saman og inneheld teknisk forsyning til byggene.

Energiforsyning: Det nye regjeringskvartalet skal nytte sjøvann som energiforsyning. Det skal derfor bygges ein pumpestasjon og rørtrasé mellom Akershusstranda og Hammersborg, kor regjeringskvartalet ligg.

Knut Jørgensen
Prosjektdirektør
Mob. 90086050
Send e-post
Pål Weiby
Kommunikasjonsleder
Mob. 92233395
Send e-post
×