Statsbygg-gransking: Ikkje sosial dumping

Publisert 05.12.2019

Ein granskingsrapport bestilt av Statsbygg, viser at det ikkje har gått føre seg sosial dumping på byggeplassen til det nye Nasjonalmuseet.

Statsbygg avdekte gjennom eigne stikkprøvar forhold knytte til løns- og arbeidsvilkår for litauiske arbeidarar på prosjekt nytt nasjonalmuseum mars 2019. Forholda var av ein slik art at dei omgåande vart tekne opp med hovudleverandøren Caverion. Det vart også bestilt ein ekstern revisjon av forholda.

No skal heile sakskomplekset gjennom ny og omfattande gransking. Granskinga viser at det ikkje har gått føre seg sosial dumping, men det er likevel fleire avvik og brot på regelverket.

Statsbygg ber no Caverion sikre at avvika blir lukka.

- Vi er glade for at rapporten slår fast at det ikkje har skjedd sosial dumping. No er det viktig for oss at Caverion følger opp dei påpeikte brota og avvika, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg:

- Granskinga viser at det er krevjande å kome til botnar i slike saker fordi vi blant anna står overfor ein kompleks regelverksituasjon, seier Nikolaisen.

Rapporten slår fast at Statsbygg si prosjektleiing har gjort det som er rimeleg å forvente knytt til oppfølging av løns- og arbeidsvilkår hos både leverandør og underleverandørar.

Rapporten viser at Caverion på nokre punkt har brote forpliktingane sine etter sjåtilforskrifta og kontrakten med Statsbygg. Caverion er også ansvarleg for brot på krava til løns- og arbeidsvilkår hos underleverandørar. Brota er ikkje av ein slik art at dei utgjer sosial dumping.

- Caverion driv ikkje med sosial dumping, og vi er nøgde med at granskinga stadfester dette, seier administrerande direktør Knut Gaaserud i Caverion Norge AS:

- Vi er opptekne av ryddige arbeidsforhold for våre medarbeidarar og i bransjen generelt. Caverion retta i mars og april opp avvik som vart avdekte, og vil no sikre at relevante avvik blir følgde opp på riktig måte. Vidare har vi forbetra dei interne prosedyrane og kontrollrutinane våre for innleige av personell. Vi har hatt eit godt samarbeid med våre tillitsvalde i denne prosessen. Caverion er usamd i nokre av konklusjonane i rapporten, men vi vil no jobbe vidare saman med Statsbygg for å sluttføre prosjektet på best mogleg måte, seier Gaaserud.

Avvik som er påpeikt, er blant anna at Caverion har manglar ved oppfølging av arbeidsvilkåra hos underentreprenøren. Manglande dokumentasjon av arbeidstid gjer det vanskelegare å gjennomføre kontrollar. I nokre tilfelle er det er avdekt manglande arbeidskontraktar. Rapporten påpeiker at Caverion burde hatt betre oppfølgingsrutinar. Men funna sannsynleggjer at dei tilsette gjennomgåande har fått samla utbetaling som tilsvarer allmenngjort løn.

Saka har reist fleire juridiske spørsmål som Statsbygg no vil sende over til fråsegn hos Arbeidstilsynet.

Caverion har sidan granskinga starta, halde Arbeidstilsynet jamleg orientert.

Granskingsrapporten er utarbeidd for Statsbygg av Advokatfirmaet Wiersholm AS.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×