Statsbygg inviterer til konkurransar for Ocean Space Centre

Publisert 17.12.2019

Statsbygg har lyst ut to konkurransar for planlegging og utvikling av Ocean Space Centre i Trondheim.

Ocean Space Centre er planlagt som eit moderne senter for forsking, teknologiutvikling og utdanning for NTNU og SINTEF.

Statsbygg har no lyst ut to konkurransar for planlegging og utvikling av Ocean Space Centre: Éin for bygg og éin for grunn og betong. Frist for begge konkurransane er 24. januar 2020. Arbeidet skal gjennomførast i 2020.

- Vi har lyst ut ein eigen kontrakt for grunnforhold fordi dette er ein spesielt krevjande jobb. Det skal sprengast og gravast hol til store forskingsbasseng. Vi jaktar den beste kompetansen i begge konkurransane, og vinnarane kjem til å jobbe tett saman, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.

Avansert prosjekt

Dersom Ocean Space Centre blir vedteke bygd, vil det erstatte dagens marintekniske forskingssenter på Tyholt i Trondheim.

Dagens anlegg er nedslite og umoderne. Dei eldste laboratoria er frå 1939, og det store havbassenget vart opna i 1981. Eit eventuelt nytt senter vil bli viktig for verdiskapinga i havnæringane dei neste tiåra.

Ocean Space Centre-prosjektet består av spesialiserte laboratorium med avansert brukarutstyr, kontorbygg og undervisningslokale for NTNU og SINTEF. Laboratoria inkluderer blant anna fleire store basseng der ein testar og forskar på modellar av for eksempel plattformer og båtar. I tillegg er det planlagt laboratorium der ein kan teste ulike typar motorar og konstruksjonar.

Kontor og undervisningsbygga skal innehalde spesialrom som blant anna kantine, bibliotek, møte- og konferansefasilitetar, studieareal og eit servicetorg med resepsjon.
Det totale arealet er på 49.000 kvadratmeter BTA. Ein del av byggekontrakten blir å undersøkje om noko av dagens bygningsmasse kan gjenbrukast.

Hege Njaa Aschim
Kommunikasjonsdirektør
Mob. 91370172
Send e-post
×