Arkeologisk museum. Nytt formidlingsbygg

Publisert 28.11.2016

Kunnskapsdepartementet ga i desember 2008 Statsbygg i oppdrag å starte første trinn i planlegginga av nytt formidlingsbygg for Arkeologisk museum i Stavanger, som er ein del av Universitet i Stavanger. Prosjektet inkluderer òg nødvendige tilpassingar i den eksisterande bygningsmassen og ein ekstra underetasje med magasin. 

Statsbygg gjennomførte i 2011 ein avgrensa plan- og designkonkurranse. Etter at juryarbeidet og forhandlingane var avslutta, blei kontrakten tildelt Tupelo Arkitektur / Narud Stokke Wiig AS med forslaget Strata. 

Prosjektet blei ført fram til ferdig skisseprosjekt våren 2012. I desember 2012 fekk Statsbygg i oppdrag å vidareføre prosjektet fram til ferdig forprosjekt. Ferdig forprosjekt blei sendt Kunnskapsdepartementet i juli 2014. Prosjektet tek mellom anna sikte på å utvide utstillingskapasiteten og forbetre mottaksforholda for utstillingar og varer. 

Statsbygg avventar no klarsignal for vidareføring til detaljprosjekt.

Les meir på nettsidene til Arkeologisk museum.

Byggeprosjekt. Pågående
Kultureiendom, museum o.l.

Peder Klows gate 30c

4010 STAVANGER

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Brutto bygningsareal:
Nybygg: 5088 kvm
Ombygging eksisterande bygg: 1043 kvm
Oppstart/ferdigstilling: Forprosjekt blei ferdigstilt juni 2014
Status: Avslutta forprosjektfase
Kostnadsramme: 338,3 mill.kr (prisnivå 15.04.2014)
Prosjektnummer: 1009901 

×