Bergen tinghus. Rehabilitering

Publisert 11.05.2015

Det blir planlagt ei rehabilitering av Bergen tinghus for å tilpasse bygningen til funksjonell drift av Bergen tingrett og Nordhordland tingrett. Etter rehabiliteringa vil tinghuset tilfredsstille alle krava til ein moderne rettsbygning, samtidig som omsynet til kulturminnevern og tryggingskrav vil vere oppfylte.

Bergen tinghus blei bygd i 1933 og er teikna av arkitekt Egill Reimers. Tinghuset er ifølgje Riksantikvaren bevaringsverdig og skal behandlast som freda. Hovudarealet i tinghuset består av rettssalar, kontor og venteceller.

Det skal leggjast til rette for auka rettssalskapasitet, betra tryggleik for tilsette og brukarar og betre tilhøve for publikum.

I mars 2015 inngjekk Statsbygg ein avtale om rådgivning med Domstolsadministrasjonen om å utarbeide konseptvalgutredningar (KVU) for rehabilitering og oppgradering av tinghusa i Bergen og Stavanger. 

Byggeprosjekt. Pågående
Tinghus

Tårnplassen 2

5012 BERGEN

Fakta

Oppdragsgivar: Justis- og politidepartementet v/Domstoladministrasjonen
Brutto bygningsareal: ca. 13.700 kvm
Oppstart/ferdigstilling: Forprosjekt ferdig desember 2011
Status: (Forprosjektfase)
Kostnadsramme: Ikkje avklara. Les meir
Prosjektnummer: 1110401

Statsbygg forvalter eigedommen:

×