Brasilia-ambassaden, rehabilitering

Publisert 20.12.2016

For Utanriksdepartementet har Statsbygg rehabilitert Noregs ambassade i Brasilia.

Eit kanselli, ambassadøren sin residens, representasjonsanreal og bustader for to utsende diplomatar utgjer i dag ambassadeanlegget i Brasilia. Anlegget er teikna av den kjende norske arkitekten John Engh og stod ferdig i 1974.

Det var ikkje gjort større arbeid på anlegget sidan det stod ferdig og det var behov for ei total rehabilitering av alle dei tekniske anlegga, ENØK-tiltak og tilpassingar til universell utforming for oppussinga som stod ferdig i 2018. I tillegg ønska Utanriksdepartementet at planløysinga skulle tilpassast eit meir moderne diplomati. Som eit ledd i dette blei det gjort fleire funksjonsendringar, slik som ombygging av kanselliet, bygging av ny bustad for ambassadøren og nytt multifunksjonelt allrom med ein hage betre tilpassa større arrangement. I tillegg har dei opprinnelege bustadene til diplomatane rivast og det skal byggjast tre nye bustader inkludert nytt rekreasjonsområde.

Ein har lagt vekt på bruken av lokalt tilgjengelege råvarer og valg av løysningar har samsvart med lokal byggjeskikk. Prosjektet hadde høge miljøambisjonar og anlegget er tilnærma sjølforsynt med straum via eit større solcelleanlegg på taket. Det er òg etablert eit anlegg for oppsamling av regnvatn og gjenvinning av gråvatn.

Byggeprosjekt. Ferdige
Ambassade

Ses Avenida Das Nacoes, Lote 28

70418 Brasilia, DF

BRASIL

Fakta

Oppdragsgivar: Utanriksdepartementet
Prosjektleiar: JLL Sao Paulo
Arkitekt: Dante Della Manna 
Brutto bygningsareal: 2995 kvm
Byggjestart/ferdigstilling: 2. kvartal 2017/ 2. halvår 2018
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: Ikkje fastsett
Prosjektnummer: 1129401

Rena Flåteteigen Kløvstad
Prosjektleder
Mob. 97729109
Send e-post

×