Skriv ut med undersider

Bryggen. Reetablere grunnvatn

Publisert 16.03.2015

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2015.

Statsbygg har fått i oppdrag av Riksantikvaren å reetablere grunnvatnet under Bryggen i Bergen. På den måten ønskjer ein å hindre at kulturlaga i bygningane på Bryggen rotnar og sig meir enn dei har gjort til no.

Ved bygginga av SAS-hotellet i 1979–80 blei det sett ned ein spuntvegg rundt hotellet for å stabilisere massane. Grunnvatnet siv no langsamt ut langs denne spuntveggen. Grunnvatnet er med på å bevare kulturlaga som bygningane ligg på, ved å hindre tilførsel av oksygen.

Målet er å heve grunnvatnet til éin meter under bakkenivå og stabilisere det der. Mellom tiltaka er "no-dig"-strømper, infiltrasjonssystem og vassmagasin under bakken. 

Les meir om Bryggen på nettsidane til Bryggens Museum

Byggeprosjekt. Ferdige
Kultureiendom, museum o.l.

Bryggen

5003 BERGEN

Fakta

Oppdragsgivar: Riksantikvaren
Byggjetid: 2010-2015
Status: Ferdigstilt
Anteken kostnad av tiltak: 45 mill. kr
Prosjektnummer: 1010201

Trond Liane
Prosjektleder
Mob. 90781838
Send e-post

×