Om kulturlag

Grunnvatnet og kulturlaga speler begge ei rolle for Bryggen i Bergen.

Grunnvatnet

Grunnvatnet er alt vatnet som ligg under bakken og som fyller opp alle sprekker og porer. Grunnvatnet utgjer ein del av den grunnen som Bryggen kviler på. Dersom grunnvasstanden søkk, vil òg Bryggen søkke.

Grunnvasstanden under Bryggen søkk fordi grunnvatn fleire stader siv langsamt ut langs spuntveggen rundt SAS-hotellet. For å bremse lekkasjane må grunnvasstanden under SAS-hotellet hevast.

Dreneringsleidningar og ein kum med utløp under SAS-hotellet held grunnvatnet der på eit visst nivå. Eit nytt bend (bøygd røyrstykke) på utløpet i kummen gjer at grunnvasstanden vil stige før vatnet når utløpet. Første bendet som er sett på, vil heve grunnvasstanden med 45 centimeter. Nye bend vil deretter heve grunnvasstanden med ein meter.

Kulturlaga

Kulturlaga under Bryggen består av restar frå eldre tider, heilt tilbake til 1000- og 1100-talet, då utbygginga av Bryggen starta. Det er bygningsrestar, reiskapar, myntar og så vidare i grunnen. Desse er freda. Så lenge grunnvatnet fyller opp kulturlaga, er oksygen praktisk talt fråverande, slik at kulturlaga er verna mot rotning. Søkk grunnvatnet, slepp luft inn i kulturlaga, og rotninga skyt fart. Då vil òg Bryggen søkke saman. Husrekkjene som står på Bryggen i dag, blei reiste på 1700-talet.

Riksantikvaren om kulturminne og vatn

"Kompleksiteten aukar då vi i dag har påvist kor viktig handteringa av grunn- og overvatn er, når vi skal kunne stabilisere forholda i grunnen i byar som kviler på organiske kulturlag. Bryggen i Bergen er med sine djupe, organiske kulturlag og bygningsmassen frå 1702, eit komplekst kulturminne som er heilt avhengig av en vassressursforvaltning som kan sikre denne unike verdsarvstaden.".

×