Skriv ut med undersider

Domus Academica. Rehabilitering

Dei tre bygningane omkring Universitetsplassen i Oslo er dei første universitetsbygningane i Noreg. Kor viktig dette var historisk, for det nasjonale sjølvmedvitet og den norske nasjonsbygginga, kan ikkje overvurderast.

Grunnsteinen for universitetet blei lagd ned i 1841, og bygginga gjekk føre seg meir eller mindre parallelt i dei tre bygningane: Domus Academica, Domus Media og Domus Bibliotheca. Dei stod ferdige i 1852.

Den viktigaste bygningen er utvilsamt Domus Academica, også kalla Urbygningen. Her låg rektor sitt kontor og møterom, og her låg Universitetets aula, som i dag blir kalla Gamle festsal.

Då medisinarane fekk nye lokale på Gaustad og flytte ut av Domus Bibliotheca og austre fløya av Domus Media i 1989–90, blei det klart at tida var inne for ei omfattande rehabilitering. I april 1991 fekk Statsbygg (den gongen Statens byggje- og eigedomsdirektorat) oppdrag frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet om å gjennomføre rehabiliteringa.

Rehabiliteringsarbeida blei først sette i gang i austre fløya av Domus Media, og deretter, med nye anbodskonkurransar og nye entreprenørar, i Domus Bibliotheca. Der måtte det gjerast store ombyggingsarbeid for å føre bygningen tilbake til bibliotek igjen. I dag ser han ut som han gjorde då han var Universitetsbiblioteket, men han fungerer no som Juridisk hovedbibliotek.

I år 2000 blei løyvet til rehabilitering gitt. Etter omfattande undersøkingar av Domus Academicas flåtefundament kunne prosjektering setjast i gang. Byggjearbeida blei starta i 2002 og blei fullførte i 2004, og i dag er bygningen like praktfull som 1852, men med mange skjulte nye tekniske installasjonar.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Karl Johans gate 47

0162 OSLO

×