Restaureringsarbeida

Publisert 13.11.2014

I løpet av 2014 har Grotten blitt restaurert utvendig.  

Alle delar av huset blei nøye undersøkte hausten 2013, både for å avdekkje eventuelle skadar, og for om mogleg å finne fargehistorikken i Grotten. Ved hjelp av forskjellige undersøkingsmetodar, som å avdekkje fargane lag for lag, og ved uttak av prøvar for undersøkingar under mikroskop, har vi med stor grad av sikkerheit klart å slå fast dei opphavlege fargane i alle delane av huset. Det blei òg avdekt nokre mindre skadar i veggene.

I år er to roteskadde laftestokkar skift ut, og huset er reinsa for laus og skadd måling og måla på nytt. Fargane som er brukte ved oppmålinga, er dei som blei fastslåtte som dei opphavlege i huset. Hovudfargen er ein raudtona beige, som er ganske forskjellig frå den meir gulbeige fargen ein kjenner frå dei seinare åra. Truleg er dette den fargen Henrik Wergeland fekk måla huset sitt med då det stod nytt i 1841. Han er ei etterlikning av ein raudtona sandstein, noko som var temmeleg moderne på den tida.

Huset er truleg det aller første huset i Noreg som blei bygd i sveitserstil. Det skal, etter tradisjonen, ha blitt teikna av Henrik Wergeland sjølv, med hjelp av hans gode venn arkitekten for Det Kongelige Slott, Hans Linstow.

Interiøret i Grotten gjekk i løpet av sommaren og hausten 2014 gjennom ei grundig rehabilitering.

Wergelands «vidunderlige grotte» under huset, Fjellgrotten, blei restaurert våren 2014. Rasfarlege murar og fjellparti blei grundig sikra, uønskt vegetasjon fjerna og sjølve murane sikra og kalka. Ho stod ferdig til opning til 17. mai 2014, den dagen i året som Fjellgrotten alltid er open for publikum.

×