Historikk

Håkonshallen er 750 år gammal i 2011 og blei bygd av Kong Håkon Håkonsson som kongebustad og festsal. Då son hans, Magnus Håkonsson Lagabøte, gifte seg med den danske prinsessa si, Ingeborg, i 1261, var det dekt til 2000 menneske. ”Kongane heldt til i steinhallen”, heiter det i sagaforteljinga.

Den gongen var Bergen den største og viktigaste byen i Noreg, og Håkonshallen blei åstad for store rikspolitiske hendingar, mellom anna utforminga av det første samla lovverket i Noreg. Mellom dei tjukke steinveggene kan du enno kjenne gjenklangen av dei høgtidlege seremoniane og lystige etegilda til mellomalderhoffet. Som nasjonalt kulturminne er Håkonshallen framleis i bruk til både kongelege middagar og andre offisielle samanhengar. H. M. Kongen sin faste plass er ikkje vanskeleg å finne.

Hallen har tre etasjar, der den øvste er festsalen. Den mellomste etasjen var for administrasjonen, kanselliet (rådet til kongen), første etasje eller kjellaren var sannsynlegvis forrådslageret.

I Håkonshallen bur det mykje historie. Her blei den første lova som gjaldt for heile Noreg, sannsynlegvis skriven, og det var i denne tida, ved midten av 1200-talet, at Noreg fekk den første hovudstaden sin: Bergen. Rosenkrantztårnet blei oppført som eit kombinert forsvars- og residenstårn i 1560-åra av lensherren Erik Rosenkrantz. To eldre anlegg blei bygde inn i tårnet: kastellet til kong Magnus Lagabøte, ei mindre festning frå cirka 1270, og forverket til Jørgen Hanssøn frå cirka 1520. Dette har gitt tårnet eit spesielt grunnplan og romordning med mellom anna forskyvingar i etasjehøgda. Med den strategiske plasseringa i sørfløya har tårnet vore ein hjørnestein i borgsystemet på Bergenhus festning.

Kjelde: Bymuseet i Bergen. Les meir på nettsidene deira.

×