HiOA Oslo. Nybygg og ombygging

Publisert 18.11.2013

Statsbygg ferdigstilte dette prosjektet i 2012.

Byggjeprosjektet omfattar rehabilitering av det gamle Rikshospitalets patologibygg (ca. 12.500 m2) og nybygging av eit supplerande bygg (ca. 6500 m2) som blir bunde saman med ein høg glasgard til eit samla kompleks. Anlegget skal gi Høgskolen i Oslo moglegheit til å samle sjukepleiarutdanninga på éin stad og nær resten av høgskolen.

Prosjektet skal òg gi høgskolen spesialrom for estetiske fag og eit auditorium som ei «storstove» med plass til 450 studentar. Bygget skal, når det er ferdig, ha plass til 1500–2000 studentar.

Miljøsanering og riving blei ferdigstilt februar 2010.
Innreiingsarbeid er i gang i høgblokka, og nybygget er ferdig støypt. Fasadearbeida har starta på nybygget.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Pilestredet 32

0166 OSLO

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Brutto bygningsareal: 19.000 kvm
Byggjestart/ferdigstilling: Primo 2010 / 4. kvartal 2012
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 776 mill. kr (prisdato juli 2011)
Prosjektnummer: 10563
Byggjeleiing: Kåre Hagen AS

×