Skriv ut med undersider

HVL, Gymnasbygget

Publisert 16.12.2016

Høgskulen påVestlandet (HVL) har lenge hatt auka behov for areal til undervisningsrom, grupperom og kontor.

I 2014 kjøpte Statsbygg, på vegner av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Gymnasbygget ved Sogndal vidaregående skule frå fylkeskommunen. I oktober 2015 fekk Statsbygg i oppdrag frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) å støtte i planlegging og oppgradering av HVL Gymnasbygget. 

Rehabiliteringa omfattar to etasjar og hems som til saman utgjer ca. 4000 m2. Høgskulen ønskjer å ta i bruk bygget til semesterstart hausten 2018. HVL skal betale kostnadsdekkjande husleige til Statsbygg for kjøp, prosjekterings- og oppgraderingskostnadar av Gymnasbygget.

I perioden frå oktober 2015 til mars 2016 utarbeidde Statsbygg, i samarbeid med brukaren, romprogram med programskisser. I denne prosessen er det avklara at avdelinga for allmennlærarutdanning og idrett og IT-seksjonen skal inn i bygget. Det skal òg gjennomførast noko tilretteleggjing for formingslære.

Statsbygg inngjekk hausten 2016 kontrakt for totalentreprise (TE) med Veidekke Entreprenør AS.

Byggeprosjekt. Pågående
Undervisning og forskning

Trolladalen 28

6856 SOGNDAL

Oppdragsgivar: Høgskulen på Vestlandet
Brutto bygningsareal: Ca. 4000 kvm
Byggjestart/ferdigstilling: August 2017/september 2018
Status: Byggefase
Kostnadsramme:  117,2 mill.kr (juli 2017)
Prosjektnummer: 1108301

Reidar Søbstad
Prosjektleder
Mob. 90922118
Send e-post

×