HiSF Sogndal. Nytt sentralbygg

Statsbygg ferdigstitle dette prosjektet i 2012.

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) har fem avdelingar: fire i Sogndal og ei i Førde. Høgskoleverksemda i Sogndal er spreidd på ei rekkje bygningar, både på Fosshaugane og i Sogndalsfjøra. Med eit nytt sentralbygg ønskjer høgskolen å samle heile verksemda si i Sogndal til fire bygningar på Fosshaugane.

Området er bratt, med ein høgdeskilnad på 25 meter. Nybygget skal innehalde samlande funksjonar og skal òg leggje til rette for betre kommunikasjon og universelt tilgjenge mellom dei fire bygningane.

Nybygget kjem til å få 7600 m² fordelte på fem plan. Bygget vil skjere inn i skråninga og ha to hovudinngangar, både i første og femte etasje, for på denne måten å oppnå ein god kommunikasjon i området. Nybygget skal i hovudsak romme kantine, bibliotek/læresenter, kontor og nokre undervisningsrom.

Ei gruppe leidd av Arkitektgruppen lille frøen AS vann plan- og designkkonkurransen for sentralbygget i 2006.

Les meir om prosjektet i ferdigmeldinga.

Byggeprosjekt. Ferdige
Undervisning og forskning

Fosshaugane Campus

6856 SOGNDAL

Fakta

Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
Brutto bygningsareal: 7605 kvm
Byggjestart / Ferdigstilling: Sommar 2010 / Sommar 2012
Status: Ferdigstilt
Kostnadsramme: 384 mill. kr. (prisnivå juli 2011)
Prosjektnummer: 10245 / 10558

×